Vrahovice er ein busetnad i kommunen Prostějov i distriktet Prostějov okres i regionen Olomouc kraj i Tsjekkia. Staden har ca. 3400 innbyggjarar. I landsbyen ligg mellom anna Sankt Bartholomeüskyrkja, eit postkontor og eit par pubar.
Vrahovice blei første gongen nemnt i 1337. Ordet «Vrah» tyder 'fiende' på gamal-tsjekkisk. I mellomalderen var det mange ulike eigarar av landsbyen. Den største utviklinga av staden skjedde i mellomkrigstida då Josef Stříž var borgarmeister og vegane til Prostějov og Vrbátky og eit nytt rådhus blei bygde.
Etter andre verdskrigen var det i Vrahovice ein interneringsleir for tyskarar frå Prostějov-regionen som venta på å bli overførte til Tyskland. Mellom 1950 og 1954, og sidan 1973, er Vrahovice ein del av Prostějov.
Spolek za staré Vrahovice er ei foreining for lokalhistorie, miljøvern og utvikling av Vrahovice. Mellom 2010 og 2015 etablerte foreininga Arboretum Vrahovice, eit arboret med tre frå Europa, Asia og Nord-Amerika.Arboretum Vrahovice (tsjekkisk)]
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Vrahovice