Wolfgang Rottmann () er ein austerriksk tidlegare skiskyttar frå Altenmarkt im Pongau som vart verdsmeister på 20 km i 2000 og teken for bloddoping i 2006.
Aktiv I 2000-sesongen, hans beste sesong, byrja Rottmann å hevde seg mot verdseliten. Han vart nummer to etter norske Frode Andresen i 7,5 km sprint i Östersund. Under VM i skiskyting 2000 i Holmenkollen vann han gullmedaljen på 20 km etter eit bomskot på siste skyting, sølvmedaljen gjekk til landsmannen Ludwig Gredler. Seinare i meisterskapen vart han nummer fem i fellesstarten. To år etter kom han på femteplass i sprintrennet då Vinter-OL 2002 vart avvikla ved Salt Lake City, ei plassering langt over det han elles presterte i Ol-sesongen.
Under VM i skiskyting 2005 på heimegrunn i austerrikske Hochfilzen gjekk Rottmann tredje etappen på laget som tok bronse i 4 x 7,5 km stafett.
Doping Då italiensk politi gjennomførte ein umeld dopingrazzia i huset der den austerrikske skiskyttartroppa oppheldt seg under Vinter-OL 2006 i Torino, stakk Rottmann og kollegaen Wolfgang Perner av frå leiren, heim til Austerrike. Begge vart då utestengde frå OL-troppa. Rottmann og fem andre utøvarar vart i 2007 dømde for å ha nytta seg av bloddoping, og for alltid stengde ute frå austerriksk idrett.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Rottmann» frå , den 15. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Dopingsaker i skiidrett Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005