Wilfried Pallhuber () er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Rasen ved Antholz i provinsen Bolzano som vann fire VM-gull i tida 1991-97.
Karriere Den 18. mars 1990 overraska det italienske laget i 4 x 7,5 km stafett stort då VM-stafettten vart arrangert i finske Kontiolahti. Stafettevlinga var ei av øvingane som vart utsett då VM i skiskyting 1990 fann stad i Minsk i februar månad, og i staden sett på programmet under verdscuprenna i Kontiolahti i midten av mars. Etter at Pieralberto Carrara hadde opna for Italia, la Pallhuber og Johann Passler grunnlaget for at Andreas Zingerle kunne føre Italia til sin fyrste VM-triumf i skiskyting, med over to minuttars margin til sølvvinnarane frå Frankrike.
Året etter, under VM i skiskyting 1991 i Lahti, var Pallhuber med i det italienske mannskapet som vart verdsmeistrar i lagtevlinga på 20 km, dei andre på laget var Hubert Leitgeb, Gottlieb Taschler og Simon Demetz. Men sidan fleire land satsa lite på lagtevlinga, var det ein større prestasjon når staettheltane frå 1990; Pallhuber, Passler, Carrara og Zingerle vann ein ny gullmedalje i 4 x 7,5 kilometer stafett då VM i skiskyting 1993 fann stad i Borovets i Bulgaria.
Pallhubers største stund i skiskyting kom då han lukkast vinne 7,5 km sprint i VM i skiskyting 1997 i Osrblie i Slovakia, knapt 17 sekund føre landsmannen René Cattarinussi.
Pallhuber deltok i verdscupen i skiskyting frå 1988 til 2007. Han vann sin fyrste av seks verdscupsigrar då han på tampen av 1992-sesongen gjekk til topps på 7,5 km sprint i Novosibirsk. Sidan vann han eitt verdscuprenn i kvar av sesongane 1993, 1944 og 1995, i tillegg til to i 1997. I sin poengmessig beste sesong, 1993-sesongen, enda han på tredjplass i verdscupen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilfried Pallhuber» frå , den 23. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1989 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1990 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007