Atle Hansson () er ein norsk illustratør, avisteiknar og vevdesignar. Han er utdanna biletkunstnar frå École des Beaux-Arts du Valais i Sveits. Han er sjølvlært som illustratør, og har arbeidd som frilansar sidan 2001. Hansson nyttar varierte teknikkar, både manuelle (akvarell, tusj, blyant, gouache, akryl) og digitale (vektor, digitalt maleri). Illustrasjonane er ofte fargesterke og uttrykksforma kan gjerne vera enten humoristisk, konseptuell eller realistisk. Han tidlegare fast bidragsytar til fleire aviser og tidsskrift, og teikna illustrasjonar til bøker, brosjyrar, katalogar, presentasjonsmateriell m.m.

Hansson står bak nettstaden Frilansinfo.no der han gjev hjelp og informasjon til frilansarar, og har dessutan skrive boka Frilans! En komplett håndbok for frilansere (Pourquoi Publishing, 2008, 2. utgave 2011). Frå 2010 har han jobba som vevdesigner og var med på å byggja opp det norske programvareselskapet Conta Systemer AS. Der vart tanken frå Frilansinfo.no om å hjelpa sjølvstendig næringsdrivande og andre småfirma vidareført, mellom anna med det gratis fakturaprogrammet Conta Faktura. Conta Systemer vart i 2016 slått saman med rekneskapskjeda Chimaera til Conta Group AS.

Bokillustrasjonar Elisabeth Ellingsen og Kirsti Mac Donald: Her på berget læreverk i norsk/samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (Cappelen, 2008) Kjetil Brattlien: Den lille snøskredboka Alt du trenger å vite om snøskred på en enkel måte (Fri Flyt, 2008 (5. opplag 2017)) Lena Fauske og Øyvind S. Bruland (red.): Førstehjelp på tur (Fri Flyt, 2007) Markus Landrø: Skredfare – håndbok om snøskred for frikjørere (Fri Flyt, ny utgave 2007) Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Anflug 2 læreverk i tysk for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007) Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Ankunft 2 læreverk i tysk for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007) Magnus Buflod, Knut Anders Sannes og Kristoffer Aasebø: Paragraf 1 rettslære for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007) Erling Kagge og Leif A. Dramstad (red.): Barnas Store Sangbok (JM Stenersens Forlag, 2005) (med Thorbjørn Egner, Kristin Granli, Paul René Gauguin, m.fl.)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Atle Hansson» frå , den 24. august 2021.

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske avisteiknarar Kategori:Folk frå Os i Hordaland