Bjarne Amdahl () var ein norsk komponist og dirigent. Han laga blant annan musikken til dei norske spelefilmane To på topp (1965), Johan på Snippen (1956), Å ett sånt hundliv (1958) og Ugler i mosen (1959). Amdahl fekk tildelt NOPA-prisen Årets verk for «Lille Idas blomster» i 1969.
Amdahl vart tilsett som kapellmeister ved operetteteateret Mayol i Kristiania i 1923, og verka seinare som kapellmeister ved Casino 1926–28, Chat Noir 1928–31, Søylen 1934–35, Det Nye Teater 1936–51, Folketeatret 1952–59 og til slutt Oslo Nye Teater. Han arbeidde også ved NRK frå 1940, der han mellom anna skreiv orkestermusikk, musikk til høyrespel og melodiar til radioprogramma Søndagsposten og Barnetimen.
Han var kjend for samarbeidet sitt med Alf Prøysen, som blant anna resulterte i «Sønnavindsvalsen» og «Tango for to» og dessutan i musikalen Hu Dagmar, som vart sett opp på Sommarteatret i Frognerparken i 1964 med Nora Brockstedt i tittelrolla.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bjarne Amdahl» frå , den 5. februar 2016.
Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Trondheim