Netthaletrogon (Trogon clathratus) er ein fugl i trogonfamilien og finst i eit utbreiingsområde avgrensa til landa Costa Rica og Panama.

Skildring Denne relativt store trogonen er ca. 30 centimeter lang. Som dei fleste trogonar, syner arten sterkt kjønnsdimorfisme. Han skil seg frå alle andre trogonartar i utbreiingsområdet med sin lyse iris. Hannen har grøn overside, grønt hovud og øvre bryst. Andletet og strupeområdet er mørkt, vengene lys gråe. Heile undersida med undergump er raud. Oversida av halen er mørk blå, undersida mørk grå med smale, kvite tverrstriper. Nebbet er gult. Til samanlikning har hoa fjørdrakt i heilt mørk grått til olivenbrunt, men buken og undergumpen er raudfarga.Collar (2016) Netthaletrogon liknar mykje oransjenebbtrogon som lever i tilgrensande område, men oransjenebbtrogon manglar tverrstriper på undersida av halen og dei har raudoransje augering.Collar 2 (2016)

Songen til netthaletrogonar består av ein serie av opp mot ca. 15 tonar som først aukar i snøggleik og styrke og deretter fell brått mot slutten.Opptak av song frå netthaletrogonar, portal for opptak av arten hos The Xeno-canto Foundation, henta 6. februar 2016 Songen er langt meir distinkt, kortare og mindre nasal enn hos oransjenebbtrogon.Peter Boesman, Song frå oransjenebbtrogon, Internet Bird Collection, henta 6. februar 2016

Som trogonar flest sit netthaletrogonar mykje rolege. Dei lever av frukter, store insekt og jamvel små amfibium og reptil, lågt eller middels høgt i trekroner i våt skog. Utbreiingsområdet er på nordsida av den sentrale fjellkjeda gjennom Panama og Costa Rica, mellom 90 og 1360 moh.

Populasjonen er ikkje estimert, er trudd å vere minkande, men arten er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2016)

Kjelder Collar, N. (2016). Lattice-tailed Trogon (Trogon clathratus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. februar 2016 Collar, N. (2016). Slaty-tailed Trogon (Trogon massena) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. februar 2016 BirdLife International (2016) Species factsheet: Trogon clathratus . Henta frå http://www.birdlife.org den 6. februar 2016 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trogonar Kategori:Fuglar endemiske for Mellom-Amerika