Vestindisk-guineisk Kompagni var eit dansk handelskompani med bakgrunn frå 1625, men formelt oppretta ved kongeleg privilegiebrev i 1671. Det hadde som føremål å kolonisera, driva handel og administrera dei danske koloniane på vegner av kongen. Selskapet fekk nasjonalt monopol på handel mellom Vestindia og Guinea, økonomiske særfordelar, eigen jurisdiksjon og einerett på sukkerraffinering innanfor kongeriket og koloniane. Som motyting måtte selskapet oppretthalda regelmessige seglingar mellom koloniane, selja ei viss mengd danske varer i koloniane og frakta gods for kongen vederlagsfritt.

Historie Selskapet endra namn i 1674 - til Vestindisk-guineisk Kompagni.Lauring (2010), s. 105

Kjelder

Lauring, Kåre: "Dansk slavehandel - en underskudsforretning?" (Handels- og Søfartsmuseet på Kronborg: Årbog 2010; ISBN 978-87-7015-004-0; s. 101-137)

Denne artikkelen bygger på «Vestindisk-guineisk Kompagni» frå , den 10. februar 2016.

Kategori:Dansk kolonihistorie Kategori:Dansk Vestindia Kategori:Handelskompani Kategori:Skipingar i 1671 Kategori:Nedleggingar i 1754