Gustav Johannesson Takle () var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune. Han gjekk på Sogndal folkehøgskule og på Voss mellomskule. Deretter gjekk Takle på Elverum lærerskole og vart ferdig der i 1900. Han var lærar i fleire skular i Gulen kommune, m.a. på Takle. I 1909 døydde Takle, berre 31 år gamal. Han hadde då vore sjuk i fleire år. Takle var ein ihuga målmann og venstremann. Han let etter seg ei diktsamling, «Ungdomsmod», som vart gjeven ut på Lundes Forlag i 1934.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Om Gustav Takle i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978

Bakgrunnsstoff Gravminner i Norge Om Gustav Takle i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Forfattarar frå Gulen Kategori:Einskildmenn Kategori:Norske lyrikarar