Per Fett () var ein norsk arkeolog og konservator, frå Oslo.

Per Fett tok magistergraden i 1934, og var heile sitt yrkesaktive liv tilsett ved Bergen Museum. Han forska mykje på helleristningar og jarnaldermateriale, men er best kjend for det store arbeidet han la ned i å registrere dei vestnorske fornminna, som kravde at han reiste ikring og fann fram til kvart einskild fornminne. Forminna vart stadfesta og skildra i dei prenta hefta Førhistoriske minne på Vestlandet, digitalisert i det såkalla DokumentasjonsprosjektetPer Fetts serie "Førhistoriske minne på Vestlandet Søkbar database. Til saman vart det 80 hefte, eit for kvart prestegjeld i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, som var Bergen Museums geografiske ansvarsområde.

Per Fett var son av tidlegare riksantikvar Harry Fett, og far til Tryggve FettSjå artikkel om Tryggve Fett i Bergens Tidende 12. juli 1993 , seniorrådgjevar ved Bymuseet i Bergen.

Per Fett var gift med arkeologen Eva Fett.

Referansar

Bakgrunnsstoff Interview: Eva og Per Fett av Knut Andreas Bergsvik (PDF 1988)

Kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske museumsfolk