Jakob Aano () var ein norsk skulemann og politikar frå Sauda, som representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1965 til 1985.

Liv og gjerning Aano var son til ein bakar i Sauda. Sjølv tok han utdanning ved Universitetet i Oslo, utdanna cand.philol. i 1948. Frå 1949 til 1958 var han skulestyrar ved Sand realskule i Ryfylke. Deretter arbeidde han i åra 1959-63 på ein misjonsskule i Tanzania, før han i 1964-65 var lektor ved St. Svithuns skole i Stavanger.

Hausten 1965 vart Aano vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti og Rogaland fylke. Fram til 1977 hadde han plass i Kyrkje- og undervisninsgkomiteen. Valbolken 1977-81 var han medlem av Utanrikskomiteen, medan han frå hausten 1981 til 16. juni 1983 var medlem av Forsvarskomiteen. Sidan var han formann i Utanrikskomiteen til dess han forlet Stortinget i 1985. 1983-85 var han elles nestformann i Kristeleg Folkeparti.

Erfaringane frå misjonsarbeidet førte til at Aaano var meir oppteken av utanriksspørsmål, enn det som var vanleg i partiet. Han var mellom anna oppteken av utviklingspolitikk som kunne gagne fattige land og menneske. Under debatten om norsk medlemsskap i EF (det Europeiske Fellesskap) i 1972, gjekk han inn for at Noreg skulle melde seg inn i EF, eit standpunkt som braut med partilinja. I 1980-åra engasjerte han seg mot apartheid-regimet i Sør-Afrika.

Aano skreiv og redigerte fleire bøker i 1980-90-åra, mellom andre hans eigne memoarar frå 1991: Over alle grenser.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jakob Aano» frå , den 27. februar 2016.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Folk frå Sauda