Jabal al-Nour (òg skrive Jabal an-Nur eller Jabal Nur), som på arabisk جبل النور tyder «Lysfjellet» eller «Opplysningsfjellet», er eit fjell nær Mekka i Saudi-Arabia. Det er eit av dei mest populære turistmåla i Mekka. Den kjende Ghar-E-Hira eller Hiragrotta ligg i fjellet. Grotta er ganske lita, berre nokre meter lang og brei.Mubārakfūrī, Ṣafī -R. Ar-Raheeq Al-Mak̲h̲tūm = The Sealed Nectar: biography of the noble prophet. Riyadh, Saudi-Arabia, 2002. Print. Fjellet er 642 moh, men turen til grotta tar likevel rundt to timar og er strevsam. Både fjellet og grotta er særs viktige for muslimar verda over. Den islamske profeten Muhammed skal i lange tider har meditert i grotta og ein trur at det var her han fekk den første openberringa frå erkeengelen Gabriel.

Namn mini|venstre|Inngangen til Hiragrotta i fjellet. Sidan dette er sagt å vere staden der Muhammed fekk dei første versa i Koranen, fekk fjellet namnet «Jabal-al-Nour». Jabal tyder «fjell» på arabisk og Nour eller Noor tyder «lys» eller «opplysning».Weir, T.H.; Watt, W. Montgomery. «Ḥirāʾ.» Encyclopaedia of islam, Second Edition. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel, W.P. Heinrichs. Brill Online, 2013. Reference. Augustana College. 07. oktober 2013 <http://referenceworks.brillonline.com/entries/encyclopaedia-of-islam-2/hira-SIM_2890

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jabal al-Nour» frå , den 8. mars 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff 3D-bilete av Hiragrotta

Nour, Jabal Kategori:Gabriel Kategori:Heilage fjell Kategori:Islamske heilage stader