Finn Halvorsen () var ein norsk forfattar, kritikar og omsetjar.
Halvorsen voks opp som den yngste av seks barn i ein presteheim. Barneåra tilbrakte han i Alta, Luster og Ålesund, der han tok examen artium 1912. Etter eksamen drog han til Oslo for å studera teologi, men etter tre år avbraut han studiane og begynte som kulturjournalist i Morgenposten. Her avanserte han til redaksjonssekretær medan han starta sitt forfattarskap. Frå 1920 var han forfattar og kulturskribent på heiltid og reiste mykje i Europa, og ei tid var han Aftenposten sin korrespondent i Roma. Som teaterkritikar skreiv han både for Aftenposten og Morgenbladet.
Finn Halvorsen mottok tidleg sterke impulsar frå Mussolini sin fascisme, som han også lenge etter krigen meinte «gjorde underverker for det italienske folk». Han fann sin plass på ytste høgre fløy i kulturkampen i mellomkrigstida og meinte at kommunismen var «vår dødsfiende» og at Hitler var den beste garanti mot dette «europeiske spøkelset». Først mange år seinare gjekk han så langt som til å innrømme at «Hitler-veldet ville blitt en like så stor redsel for Europa som et Stalin-velde» og at han sjølv hadde gjort seg skuldig i «samme slags dumhet som de fleste forhenværende kommunister». Denne betinga sjølvkritikken stod på trykk 1955.
Under andre verdskrigen var han 1941–1945 sjef for Statens teaterdirektorat, som hadde ansvaret for Nasjonal Samling sin teaterpolitikk og kontrollerte alle førestillingar. I denne stillinga forsøkte han å «nazifisera» kulturlivet i Norge, og fekk kallenamnet «teaterdiktator».Norsk biografisk leksikon om Finn Halvorsen
Han vart også knytt til Gyldendal som konsulent, redigerte ein antologi over tyske diktarar frå nyare tid og utgav litterære kampartiklar i bokform (I kampens hete, 1943).
Halvorsen sona fem år i fengsel før han vart benåda i statsråd etter ein opphavleg landssvikdom på 12 år. Men Forfatterforeningen avslo søknaden hans om medlemskap, og på sitt gamle forlag Gyldendal var han uønskt. Berre i den katolske kyrkja, som han konverterte til 1948, fann han barmhjertigheit og vilje til forsoning.
Halvorsen hevda seinare at han alltid hadde vore imot dødsstraff, at han hadde sveva i uvissa om pinslar og torturdrap i Norge og at han hadde vore eit «opprørt og avmektig vitne» til at jødane vart sende ut av landet. Hans einaste roman etter krigen (Jomfruen, helgenen og banditten) kom ut 1959, året før han døydde i Italia.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Kjelder Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Referansar
Bakgrunnsstoff
Finn Halvorsens hyllest av det nasjonalsosialistiske Tyskland (fra Norske røster, utgitt 1942)
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Folk frå Alta Kategori:Forfattarar frå Luster Kategori:Norske sakprosaforfattarar