Oscar Ribeiro de Almeida Niemeyer Soares Filho () var ein brasiliansk arkitekt, fødd og død i Rio de Janeiro.

Niemeyer samarbeidde lenge med Lucio Costa. Dei to arkitektane var med i gruppa som teikna bygninga skulle hyse Undervisningsdepartementet i Rio de Janeiro, ei gruppe leia av Le Corbusier. Dette arbeidet fekk stor innverknad på arkitekturen til Niemeyer. Det fyrste provet på originalitet kom med Pampulha, eit fritidsanlegg ved Belo Horizonte med klubbhus, restaurant og framfor alt São Francisco-kyrkja med sine asymmetriske bogar.

Niemeyer var hovudarkitekt då den nye hovudstaden Brasília vart planlagd og bygd på 1960-talet. Mest alle dei sentrale bygningane i byen vart teikna av Niemeyer. Dei er skapte med ein djerv formfantasi, mellom andre i Dei tre maktene-palasset med sine karakteristiske seglliknande kolonner, i blomkroneforma til katedralen samt i dei konkave og konvekse skålformene på kongressbygninga.

Niemeyer var ein av de internasjonale formgjevarane som i samarbeid med USA-amerikanske Wallace Harrison forma FN-bygninga i New York, eit bygg innvigd i 1951.

Verk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oscar Niemeyer» frå , den 13. mars 2016.

Kategori:Arkitektar Kategori:Brasilianarar