Lester del Rey () var ein amerikansk forfattar, forlagsredaktør og forleggjar.«Lester del Rey, 77, Editor and Author», nekrolog i The New York Times 12. mai 1993
Del Rey blei fødd Leonard Knapp, men fabrikkerte ei bakgrunnshistorie med diverse andre navn. Han debuterte som forfattar i Astounding Science-Fiction i april 1938 med novella «The Faithful», og publiserte i science fiction-magasin i ei årrekke fram til den første romanen, ungdomsboka Marooned on Mars (1952).
Frå 1977 til 1991 var del Rey forleggjar i Del Rey Books, eit imprint under Ballantine Books. Del Rey Books gjev også ut science fiction, men har hatt mest suksess med utgjevingar innsn fantastisk litteratur.The Encyclopedia of Science Fiction om Del Rey Books
I tillegg til del Rey, brukte han pseudonyma Erik van Lhin, John Alvarez, Marion Henry, Philip James, Charles Satterfield og Edson McCann.The Encyclopedia of Science Fiction om Lester del Rey
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lester del Rey» frå , den 20. mars 2016.
Kategori:Science fiction-forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar