Eigil Olaf Liane () var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Tinn i Telemark som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til 1973.«Liane, Eigil Olaf (1916-1994)», Stortinget.
Liane, som var son til ein jarnbanearbeidar, var frå 1934 til 1940 anleggsarbeidar på Sørlandsbanen. Etter å ha vore linjearbeidar og banevaktaraspirant fekk han i 1943 stilling som banevaktar. I 1947 tok han eksamen ved Jarnbaneskulen og var tilsett som baneformann i 1960.
Politikk Liane var aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking og seinare i Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sannidal kommune frå 1945 til 1955. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og og tok sete på tinget ved nyår 1954. Etter å ha vore attvald fire gongar, gjekk han ut av Stortinget i 1973. Han var 1954-65 medlem av Administrasjonskomiteen, nestformann i den siste fireårsperioden, og av Samferdslekomiteen 1965-73. Elles var han med i Fullmaktskomiteen 1961-69 og Valkomiteen 1969-73.
Anna Eigil Liane var ein personleg kristen, og var aktiv i Norges Kristne Arbeideres Forbund. I periodane 1972-75 og 1976-79 var han leiar i forbundet.
Kjelder
Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Ordførarar i Sannidal Kategori:Ap-ordførarar i Telemark Kategori:Folk frå Tinn