Brita Lid () var ein norsk lærar og forfattar frå Voss. Johannes og Nils Lid var brørne hennar.

Brita Lid tok eksamen artium i 1916 og gjekk den neste skulevinteren på Volda lærarskule. Åra 1918-20 var ho lærar ved Sørlandet kristelege ungdomsskule, så 1920/21 ved Grenland ungdomsskule og 1921/22 ved Sagavoll ungdomsskule. Frå 1922 til 1954 var ho lærar i folkeskulen i Volda.

Lid gav ut seks forteljingar og historiske romanar, i tillegg til éi diktsamling. Forteljinga Gjennom eld og vatn frå 1933 vart filmatisert same året.

Ho var frå 1946 styremedlem i Norsk kristeleg forfattarlag.

Verk Gunnvor, 1929 Livet tek til, 1930 Det dagast, 1931 Gjennom eld og vatn, 1933 Dvergsmedsteinar 1934 (dikt) Makter og herrevelde, 1937 Stormtid, 1950

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Voss