Bjørn Ditlef Nistad () er ein norsk idéhistorikar, samfunnsdebattant og sakprosaforfattar med Russland som sitt interessefelt.

Nistad har doktorgrad frå 2008 i russisk idéhistorie, og har tidlegare vore stipendiat ved Universitetet i Oslo, men er no ikkje knytt til nokon forskingsinstitusjon. I doktorgradavhandlinga, som hadde tittelen Petr Tkačev og V. I. Lenin – to representanter for en russisk «jakobinsk»-«blanquistisk» politisk tradisjon?, Avhandling (ph.d.) i serien Acta humaniora, nr. 345 (trykt utgåve, kan òg lesast på internett), Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo - Unipub, Oslo 2007 samanlikna han den politiske tenkinga til desse to russiske bolsjevikane, Petr Tkačev og Vladimir Lenin.

Bøker Russlands redningsmann : en politisk biografi om Vladimir Putin, Oslo 2016, Vidarforlaget. ISBN 978-82-7990-309-3 Eldre russisk idéhistorie : fra middelalderen til opplysningstiden, Oslo 2015, Vidarforlaget. ISBN 9788279902386 Russisk politisk idéhistorie fra opplysningstiden til idag, Oslo 2004, Solum Forlag. ISBN 8256014466

Kjelder

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske historikarar