Ray Erskine Parker jr. () er ein USA-amerikansk gitarist, låtskrivar, produsent og plateartist. Parker er kjend for å ha skrive og spelt kjenningsmelodien til filmen Ghostbusters, for solomusikken sin og som medlem av bandet Raydio og musikar for Barry White.
Karrière
Tidleg arbeid Parker vart kjend seint i 1960-åra som medlem av husbandet til Bohannon ved den legendariske nattklubben 20 Grand i Detroit. Her spelte ofte artistar frå Tamla/Motown, og eit av desse, Spinners, vart så imponerte av den unge gitaristen at dei tok han med seg i bandet. Berre 16 år gammal fekk han spele inn musikk og skrive songar i lag med Marvin Gaye. Parker vart tilsett som studiomusikar som tenåring for Holland-Dozier-Holland-etiketten Invictus/Hot Wax, og den bastante stilen hans kan høyrast på «Want Ads» av Honey Cone. Parker vart seinare nytta av Lamont Dozier til dei to første albuma for ABC Records.
I 1972 var Parker gjestegitarist på funsongen til Stevie Wonder, «Maybe Your Baby» på albumet Talking Book.
I 1973 vart han med Barry White i bandet The Love Unlimited Orchestra, før han skapte Raydio, ei R&B-gruppe i 1977 med Vincent Bohnam, Jerry Knight og Arnell Carmichael. Parker er med i nokre klipp i filmen Uptown Saturday Night i 1974 som gitarist. Parker skreiv songar og spelte i studio for The Carpenters, Rufus og Chaka Khan, Aretha Franklin, Stevie Wonder, Deniece Williams, Bill Withers, Michael Henderson, Jean-Luc Ponty, Leon Haywood, Temptations, The Spinners, Boz Scaggs, David Foster, Rhythm Heritage, Gladys Knight and the Pips, The Honey Cone, Herbie Hancock, Tina Turner og Diana Ross.
Den første hitten hans som låtskrivar var «You Got the Love», skrive i lag med Chaka Khan og spelt inn av Rufus. Singelen nådde toppen av R&B-lista og 11. plassen på poplista i desember 1974.
Raydio Raydio fekk den første hitten sin, «Jack and Jill», frå debutalbumet i 1978 på Arista Records. Songen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista og selde ein million eksemplar. Oppfølgjaren, «You Can't Change That», kom ut i 1979 frå albumet Rock On. Songen nådde òg topp 10, ein niandeplass på Billboard-lista den sommaren, og selde òg ein million eksemplar.
I 1980 vart gruppa kjend som Ray Parker Jr. and Raydio. Gruppa gav ut to album til, Two Places at the Same Time i 1980 og A Woman Needs Love i 1981, som begge selde til gullplate.
I 1981 produserte han hard funk-singelen «Sweat (till you get wet)» av Brick.
I 1980-åra hadde Ray Parker Jr. and Raydio to hittar på topp 40 («Two Places at the Same Time» - 30. plassen i 1980 og «That Old Song» - 21. plassen i 1981) og den siste og største htiten, «A Woman Needs Love (Just Like You Do)», kom ut i 1981. Denne nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100-lista og toppen av R&B-lista i 1981.
Soloår Raydio vart oppløyst i 1981. Parker fortsette på solokarrieren sin og fekk seks hittar på topp 40 i USA, inkludert hitsingelen «The Other Woman» (4. plass) i 1982 og «Ghostbusters» i 1984. «Ghostbusters» låg tre veker på toppen av Billboard's Hot 100-lista og to veker på toppen av Black Singles-lista. Songen vart òg nominert til Oscarprisen for beste originale song i 1984, men tapte for Stevie Wonder sin «I Just Called to Say I Love You» frå The Woman in Red. Parker vann derimot ein Grammy i 1984 for beste popinstrumental. Andre hittar i denne tida var «I Still Can't Get Over Loving You» (12. plassen) og «Jamie» (14. plassen).
Parker var ein av dei første svarte artistane som lagde musikkvideoar. I 1978 produserte Hollywood-produsenten Thom Eubank fleire musikkvideoar av songar frå det første Raydio-albumet.
Parker skreiv og produserte òg hittar for New Edition («Mr. Telephone Man»), Randy Hall, Cheryl Lynn («Shake It Up Tonight»), Deniece Williams («I Found Love») og Diana Ross. Han spelte gitar på fleire songar på debutalbumet til La Toya Jackson i 1980. I 1989 skreiv han òg «Ghostbusters», ein rap framført av Run-D.M.C., for filmen Ghostbusters II. I 1989 arbeidde Parker med skodespelaren Jack Wagner (General Hospital) på eit album for MCA Records som vart skrinlagd og aldri utgjeve.
I 2006 gav Parker ut albumet I'm Free.
Skodespelar Parker var òg skodespelar i situasjonskomedien Gimme a Break i 1980-åra, barneshowet Pryor's Place på CBS i 1984, Disorderlies (1987), Enemy Territory (1987), Charlie Barnett's Terms of Enrollment (1986) (V) aka Terms of Enrollment , to episodar av Berrenger's (1985) og Uptown Saturday Night (1974).
Diskografi
Studioalbum År Tittel Plassering Salstrofé Plateselskap US US R&B AUS UK 1982 The Other Woman 11 1 27 — US: Gull Arista 1983 Woman Out of Control 45 18 — — — 1985 Sex and the Single Man 65 48 — — — 1987 After Dark 86 27 — 40 — Geffen 1991 I Love You Like You Are — 97 — — — MCA 2006 I'm Free — — — — — Raydio Music «-» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
Singlar År Tittel Plassering Album US US R&B US A/C US Dan AUS BEL CAN FRA GER IRE NLD NZ SWE SWI UK1982 «The Other Woman» 4 2 33 24 1 — 7 — — — — 4 — — — The Other Woman «Let Me Go" 38 3 — — — — — — — — — — — — — «It's Our Own Affair» 106 44 — — — — — — — — — — — — — «Bad Boy» 35 6 — — 37 — 22 — — — — — — — — Greatest Hits1983 «The People Next Door» — 60 — — — — — — — — — — — — — «I Still Can't Get Over Loving You» 12 12 10 — 89 — 26 — — — — 48 — — — Woman Out of Control1984 «Woman Out of Control» — 71 — — — — — — — — — — — — — «In The Heat of the Night» — 64 — — — — — — — — — — — — — «Ghostbusters» 1 1 9 6 2 1 1 1 4 4 5 2 2 3 2 Ghostbusters / Chartbusters «Jamie» 14 12 6 — — — 43 — — — — 16 — — — Chartbusters1985 «I've Been Diggin' You» — — — — — 38 — — — — — — — — — «Girls Are More Fun» 34 21 — — — — 32 — — — — — — — 46 Sex and the Single Man «One Sided Love Affair» — — — — — — — — — — — — — — —1986 «One Sunny Day» / «Dueling Bikes from Quicksilver» (med Helen Terry) 96 — — — — — — — — — — — — — — Quicksilver1987 «I Don't Think That Man Should Sleep Alone» 68 5 42 — — — — — — 18 47 — — — 13 After Dark «Over You» (med Natalie Cole) — 10 38 — — — — — — — — — — — 651990 «All I'm Missing Is You» (med Glenn Medeiros) 32 — — — — — — — — — — — — — — Glenn Medeiros1991 «She Needs to Get Some» — 34 — — — — — — — — — — — — — I Love You Like You Are «Girl I Saw You» — — — — — — — — — — — — — — — «-» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ray Parker, Jr.» frå , den 12. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
SoulTracks.com profile of Ray Parker jr.
Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske funkmusikarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske soulgitaristar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikarar frå Detroit Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar