Arthur Henry Eugen Nordlie () var ein norsk næringsdrivar, idrettsleiar og politikar frå Oslo. Han var representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1928 til 1945, og var 1945-50 formann i partiet.

Liv og gjerning Nordlie var son til ein sjukehusforstandar. Sjølv utdanna han seg til murar og gjekk Kunst- og handverksskulen i 1902. Etter bygningstekniske studiar i Berlin grunnla han i 1908 eit murarfirma i heimbyen Oslo, seinare eit reint entrepenørselskap.

Nordlie var i unge år aktiv i Ski- og fotballklubben Lyn. Han var i 1902 med på å stifte Noregs Fotballforbund og var 1904-05 president i forbundet. I 1905 deltok har i danninga av Oslo fotballkrins og han dømde same året finalen i noregsmeisterskapen i fotball. Nordlie var også med då Norges Landsforbund for Idrett vart skipa i 1919.

Ganske tidleg engasjerte Nordlie seg i såkalla handverkarorganisasjonar. I 1914 vart han styremedlem i Murermesternes Forening og 1918 i Kristiania Håndverks- og Industriforening. Frå 1919 til 1934 var han formann i Håndverkernes Arbeidsgiverforening.

Frå 1920 til 1956 hadde Nordlie plass i bystyregruppa til Høgre i Oslo. Han kom inn på Stortinget i 1928 og var tingmann til 1945. På Stortinget var han 1928-33 medlem av Universitets- og fagskulekomiteen og 1937-45 nestformann i same komiteen. Perioden 1934-36 var han med i Militærkomiteen. I 1945 vart Nordlie vald til formann i eit arbeidsutval som skulle leie Høgre i ein overgangsfase etter frigjeringa. Han vart sitjande som formann fram til 1950.

Nordlie vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1933 og til kommandør i 1954.

Kjelder

"Nordlie ,Arthur" Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958 Arthur Nordlie (1883–1965) ved Lokalhistoriewiki

Kategori:Leiarar for Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund Kategori:Folk frå Oslo