Tore Eugen Kordahl () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Flisa i Hedmark som vann tre cuptitlar og to seriegull med Lillestrøm Sportsklubb i tida 1977-81. Han spelte 29 landskampar i tida 1974-81.
Klubbspel Fram til 1973-sesongen spelte Kordahl lokal seriefotball, fyrst med Flisa IL og seinare Grue IL. I 1974 var han Lyn-spelar i 2. divisjon, eit lag som enda tredjeplassen i avdelinga si. Vinnaren av same avdelinga, Lillestrøm SK, tok så steget opp i 1. divisjon, med nettopp nyinnmelde Kordahl på midtstopparplass. Fram til 1982 var han eit rimeleg sikkert kort i forsvarsrekka til klubben. Gjennom dei åtte sesongane i Lillestrøm vart Kordahl seriemeister i 1977 og 1978, samt vinnar av noregsmeisterskapen i fotball for menn i både 1977, 1978 og 1981. Han deltok i 164 seriekampar og skåra eitt mål.
I 1983 melde Kordahl overgang til Kongsvinger IL, nyopprykka fyrstedivisjonslag, men fekk lite speletid og la opp ved sesongslutt.
Landslagsspel Kordahl var midtstoppar i 29 landskampar frå debuten 29. mai 1974 til september 1981. I debutkampen mot Aust-Tyskland spelte han i spann med Jan Birkelund. Dei to vart eit ofte nytta midtstopparpar på landslaget, og seinare vart dei suksessrike klubbkameratar i Lillestrøm.
Merittar Seriemeister: 1977 og 1978 med Lillestrøm Cupmeister: 1977, 1978 og 1981 med Lillestrøm
Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Kongsvinger-spelarar Kategori:Folk frå Åsnes