«I Can't Stand the Rain» er ein song opphavleg spelt inn av Ann Peebles i 1973, og skriven av Peebles, Don Bryant og Bernard «Bernie» Miller. Andre hitversjonar vart seinare spelt inn av Eruption og Tina Turner.

Ann Peebles-versjonen Songen vart skriven av Peebles, partneren hennar (og seinare ektemannen) Don Bryant og DJ-en Bernard «Bernie» Miller i 1973:Ein kveld i Memphis i 1973, møtte soulsongaren Ann Peebles nokre vener, mellom andre partneren og låtskrivaren for Hi Records Don Bryant, og dei gjekk på ein konsert. Like før dei skulle gå, opna himmelen seg og Peebles sa «I can't stand the rain» (eg fordrar ikkje regn) Som profesjonell låtskrivar som konstant trengde nye ting å skrive om, snappa Bryant opp denne setninga og likte ideen om å reagere mot nylege R&B-hitar som hadde hylla dårleg vêr, som the Dramatics sin «In the Rain» og Love Unlimited sin «Walking in the Rain (With the One I Love)». Så han sette seg ned ved pianoet og skreiv riffet i temaet, og tok så inn idear frå Peebles og den lokale DJen Bernie Miller. Songen vart ferdig same kvelden og presentert morgonen etter til Hi Records-sjefen Willie Mitchell, som brukte eit nytt instrument, elektrisk timbale, for å skape det særeigne regndrope-riffet. Det var verkeleg så lett. «Me gjekk ikkje på konserten», sa Bryant. «Me gløymde det heilt ut.»Dorian Lynskey, «Ann Peebles: the girl with the big voice», The Guardian, 20 February 2014. Henta 30 June 2014

Songen vart produsert av Willie Mitchell og songen vart den største hitten til Peebles. I 1973 nådde han 38. plassen på poplista i USA og sjetteplassen på R&B/Black Chart. Han nådde òg 41. plassen på UK singles chart i april 1974. Orgelet vert spelt av Charles Hodges. Det var ein av favorittsongane til John Lennon og i eit intervju i Billboard sa han ein gong «Det er den beste songen gjennom tidene.» Ian Dury valde denne songen som ein av åtte songar då han var med i BBC Radio 4-progammet Desert Island Discs.

Eruption-versjonen I 1978 gav Eruption ut ein disco-versjon av songen som nådde sjetteplassen på discolista og vart den største hitten til bandet (18. plass på Billboard Hot 100).

Innhald 7" singel «I Can't Stand the Rain» – 3:12 «Be Yourself» – 3:43

Lister Liste (1978)PlasseringU.S. Billboard Hot 10018U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs30U.S. Billboard Hot Dance Club Play6Canada21UK Singles Chart5Irish Singles Chart6Tyskland7Austerrike4Sveits8Nederlandsk Top 404Belgia1Frankrike5Italia3Noreg2Sverige22Finland15New Zealand4Australia1Sør-Afrika5

Tina Turner-versjonen

I 1984 spelte Tina Turner inn «I Can't Stand the Rain» for det femte soloalbumet hennar, Private Dancer, og han vart gjeven ut på singel tidleg i 1985 i Europa. Versjonen vart ein liten suksess i Storbritannia, men vart populær i Tyskland, Austerrike og Sveits.

Innhald 7" singel «I Can't Stand the Rain» – 3:40 «Let's Pretend We're Married» – 4:22

12" singel «I Can't Stand the Rain» (extended version) – 5:43 «Let's Pretend We're Married» (live version) – 4:22 «Nutbush City Limits» (live version) – 2:56

Lister Vekeslister Lister (1985) PlasseringTyskland (GfK Entertainment) 9

Årslister Liste (1985) PlasseringAusterrike (Ö3 Austria Top 40) 30

Andre versjonar

Humble Pie spelte inn songen i 1974 på albumet Thunderbox. Ronnie Wood spelte inn songen i 1975 på albumet Now Look. Songen vart spelt inn av Patrice Banks frå Graham Central Station i 1975 på Ain't No 'Bout A Doubt It Albert King spelte inn songen i 1977 på albumet The Blues Don't Change. Graham Central Station spelte inn songen i 1975 på albumet Ain't No 'Bout-A-Doubt It. Lowell George spelte inn songen i 1979 på albumet Thanks, I'll Eat it Here. Hortense Ellis spelte inn songen i 1979 på albumet Irie Reggae hits (Joe Gibbs prod.) Songen vart nytta i 1991 i filmen The Commitments, og albumet som følgde Songen vart spelt inn av Bad Manners i 1993 på albumet Fat Sound. Cassandra Wilson-albumet Blue Light 'til Dawn frå 1993 inneheld ein versjon av songen. Debutsingelen til Missy Elliott frå 1997, «The Rain (Supa Dupa Fly)», inneheld ein sample av originalinnspelinga til Ann Peebles. Michael Bolton spelte inn songen i 1999 på albumet Timeless: The Classics Vol. 2. Terry Manning gav ut eit konsertopptak i 2006 på albumet Home Sweet Home. I 2006 spelte R&B-songaren Miki Howard inn ein versjon på albumet Pillow Talk. Ein versjon av songen finst på Sam Moore-albumet Overnight Sensational frå 2006 med Wynonna, Bekka Bramlett, BeBe Winans og Billy Preston. Dale Ann Bradley spelte inn ein bluegrass-versjon av songen i 2006 på albumet Catch Tomorrow. I august 2007 gav Guy Sebastian ut ein versjon av «I Can't Stand the Rain» på albumet The Memphis Album. Seal gav ut ein versjon av songen i 2008 på albumet Soul. Willie Clayton spelte inn songen i 2008 på albumet Soul and Blues. I 2010 spelte den tyske barytonsongaren Thomas Quasthoff songen for albumet Tell It Like It Is. I 2012 miksa The Flashbulb songen til «The History Of Rain» på albumet Opus at the End of Everything. Den klassiske rockesongaren Paul Rodgers spelte inn songen i 2014 på albumet The Royal Sessions. «I Can't Stand the Rain» er blitt sampla av hip hop-duoen Reflection Eternal for songen «Memories Live» på debutalbumet Train Of Thought.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Can't Stand the Rain» frå , den 22. april 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Ann Peebles-songar Kategori:Seal-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Guy Sebastian-songar Kategori:Humble Pie-songar Kategori:Albert King-songar Kategori:Cassandra Wilson-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Discosongar Kategori:Songar produserte av Frank Farian Kategori:Songar produserte av Willie Mitchell Kategori:Hi Records-singlar