Ole Jonny Eikefjord () er ein profilert norsk gourmetkokk, kokebokforfattar og restauranteigar. Saman med forretningsmannen Petter Stordalen eig han restaurantane Eik Annen Etage, Restaurant Eik, Restaurant Fjord og Bella Bambina. Eikefjord har også vore fast kokk på TV2 sitt populære program Sommertid, og han laga bryllaupsmiddagen under det norske kronprinsparet sitt bryllaup den 25. august 2001.
Eikefjord kjem frå Førde i Sogn og Fjordane. Han starta, som Terje Ness,HSMAI - Ukens Navn kokkekarrieren på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå lærling til kjøkkensjef. Deretter vart han kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo. Der vart han «oppdaga»NRK - Nominert til årets kokebok av Petter Stordalen, og saman starta dei Restaurant Eik som har fått utmerkinga «Bib-gourmand» heile 9 gonger i Michelinguiden, også i 2013.Restaurant Eik - Michelin I kjølvatnet av Restaurant Eik starta dei opp Eik Annen Etage, fiskerestauranten Fjord og italienske Bella Bambina.
Eikefjord gav i 2008 ut den kritikarroste boka Gourmet for folket, som vart nominert til Årets Norske Kokebok same år.NRK - Nominert til årets kokebok I 2011 følgde han opp med kokeboka Fisk og skalldyr - delikatesser fra mesterkokken. Han har også fått toppkarakterarVinofil - Terningkast 6 for raudvinane sine, ein av dei oppkalla etter seg sjølv: Niepoort OJ Eikefjord Douro.
Eikefjord og investor Petter Stordalen vekte nasjonal oppsikt, då dei opna Restaurant Eik som Norge sin første røykfrie restaurant i 2003 – halvtanna år før eit offentleg røykeforbod vart innført. Eikefjord har fleire gonger teke offentleg avstand frå bruk av gåselever.
Då Justin Bieber besøkte Oslo i mai 2012, åt popstjerna ein trerettars lunsj etterfølgd av hamburger hjå Eikefjord på Restaurant Eik Annen Etage.NRK - Bieber åt treretter og hamburger
Bibliografi
Kjelder
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ole Jonny Eikefjord» frå , den 27. april 2016.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Restaurant Eik Nettstaden til Restaurant Eik Annen Etage Nettstaden til Restaurant Fjord Nettstaden til Restaurant Bella Bambina Om Ole Jonny Eikefjord i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske kokkar Kategori:Norske matskribentar Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Norske sakprosaforfattarar