Gaute Losnegård () er ein norsk historikar og faglitterær forfattar. Han er fødd i Bergen, og busett i Holmedal i Askvoll kommune.

Han debuterte i 1996 med ungdomslagsboka Fyr det gode og væne i livet. Seinare har han skrive fleire lokalhistoriske og kulturhistoriske bøker, som for eksempel Død og pine (som handlar om Hetle-saka), Dalsfjord-boka: frå Gaularfjorden til Bulandet (saman med Henning Rivedal og Rolf Losnegård), Ingolfr – norsk-islandsk hopehav 870–1536, Riddarane av Losna, Peter Andreas Blix – i strid for vern og vekst og ei bygdebok for Jondal kommune i tre bind. I 2008 kom boka Norsk rutebilhistorie ut på Skald forlag. I 2012 gav han ut første bindet i historieverket om Flora, «Historia om Flora. Før byen kom – tida fram til 1860» (Selja Forlag). I 2013 gav han ut «Norske ulukker og katastrofar» (Skald forlag).

Gaute Losnegård er son til Rolf Losnegård.

Bibliografi Bøker

Kjelder

Bakgrunnsstoff I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Askvoll Kategori:Forfattarar frå Askvoll Kategori:Nynorskforfattarar