Det persiske alfabetet, utvikla for å skriva persisk, er ein modifisert versjon av det arabiske alfabetet. Alfabetet skil seg frå det arabiske ved å ha fire tilleggsbokstavar, پ p, چ c, ژ ž og گ g. Dessutan har mange bokstavar ein annan uttale enn i det arabiske alfabetet. Det er kjent for den kalligrafiske nasta'liq-stilen.
Alfabetet blir brukt i moderne dari, persisk og kasjkai. Det har også vore brukt til å skriva sentralasiatiske språk som mongolsk, tadsjikisk og khorezmisk. Fleire alfabet er avleidde av det persiske, til dømes alfabeta brukte i pasjto, sindhi og urdu, og panjabi-alfabetet sjahmukhi, som har nokre tilleggsbokstavar kvar.
Det arabiske alfabetet blei innført i Iran og tilpassa det persiske språket etter den islamske ekspansjonen frå og med 642 e. Kr. Før innføringa av dette alfabetet hadde mellompersisk vore skrive med pahlavi-skrifta.
Skildring Her er dei 32 bokstavane i det persiske alfabetet:
Isolert Initial Medial Final Namn Translitterasjon IPA ﺍ — alef â / – [ɒ] / – be b [b] pe p [p] te t [t] se s [s] jim j [ʤ] cim c [ʧ] he hoti h [h] xe x [x] — dâl d [d] — zâl z [z] — re r [r] — ze z [z] — že ž [ʒ] sin s [s] šin š [ʃ] sâd s [s] zâd z [z] tâ t [t] zâ z [z] ain ' [ʔ] ɣein ɣ [ɣ] fe f [f] ɣâf ɣ [ɣ] kâf k [k] gâf g [g] lâm l [l] mim m [m] nun n [n] he havaz h [h] — vâv v [v] ye y [j]
Bokstavar som vantar ei initial eller medial form er aldri knytte til neste bokstav, jamvel inne i eit ord.
Den glottale lukkellyden, ' [ʔ], blir skriven med ain ﻉ eller med det diakritiske teiknet hamze ﺀ, som står oppå ein annan bokstav, anten alef ا, vâv ﻭ eller ein ye ﻱ med eller utan prikkar.
Vokalar Vokalane a, e og o blir normalt ikkje skrivne, medan vokalane â, i og u blir skrivne med høvesvis alef ﺍ, ye ﻱ og vâv ﻱ, som i desse døma: دختر doxtar 'dotter' پدر pedar 'far' برادر barâdar 'bror' مادر mâdar 'mor' تهران Tehrân Teheran محمود احمدی نژاد Mahmud-e Ahmadi-Nežâd Mahmoud Ahmadinejad روح الله موسوی خمینی Ruhollâh-e Musavi-ye Xomeini Ruholla Musavi Khomeini Dersom ein ynskjer å skrive vokalane a, e og o, noko som mellom anna blir gjort i lærebøker i persisk for utlendingar, nyttar ein eigne diakritiske teikn over og under bokstavane, høvesvis َ, ِ og ُ: دُختَر doxtar 'dotter' پِدَر pedar 'far' بَرادَر barâdar 'bror' مادَر mâdar 'mor' تِهران Tehrân Teheran Alle dei 32 bokstavane unnateke ا alef representerer ein konsonant. ا alef har to funksjonar. For det fyrste representerer han vokalen â; då står han alltid etter ein annan bokstav, som i با bâ. For det andre er «plasshaldar» for vokalane a, e og o. Når eit ord tek til med ein ا alef, tyder det at ordet tek til med ein av desse tre vokalane: اتم atom 'atom'; med vokalteikn: اَتُم اسلام eslâm 'islam'; med vokalteikn: اِسلام ارکستر orkestr 'orkester'; med vokalteikn: اُرکِستر Dersom â står fremst i eit ord, blir han attgjeven med ein ا alef som ligg vassrett oppå ein «plasshaldar»-alef: آب âb 'vatn'
Kjelder Elwell-Sutton, L. P. 1963. Elementary Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press. Lambton, Ann K. S. 1953. Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press. Mace, John 1962. Teach Yourself Modern Persian. London: The English Universities Press Limited. Naghed, Khosro und Mohsen Naghed 2002. Universal-Wörterbuch Persisch. Persisch-Deutsch, Deutsch-Persisch. Berlin, München, Wien, Zürich, New York: Langenscheidt.
Persiske alfabetet Alfabet