Alfred Thommesen () var ein norsk sjømann, skipsreiar og politikar frå Flosta i Aust-Agder. Han representerte Aust-Agder og partiet Høgre på Stortinget i tida 1958-73.

Thommesen var sjømann frå 1929 til 1939. Han tok skipsførareksamen i 1935, og var dei neste fire åra styrmann og skipper. I 1939 starta han eit eige reiarlag, og var elles 1951-62 styremedlem og medeigar i Froland Verk AS. 1951-56 var han formann i Aust-Agder rederiforening.

Thommesen var medlem i Flosta kommunestyre 1945–47 og sidan varaordførar i kommunen 1952–57. Hausten 1957 vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder, og vart attvald tre gongar. På Stortinget var han medlem 1958-61 og nestformann 1961–65 i Kommunalkomiteen, deretter medlem 1965-69 i Finanskomiteen og 1969-73 i Administrasjonskomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Arendal