Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 23 gongar i tevlinga. Litauen har aldri vunne Eurovision Song Contest og har nådd topp ti ved tre anledningar: ein sjetteplass i 2006, ein niandeplass i 2016 og ein åttandeplass i 2021. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Litauen kvalifisert seg til finalen 12 av 19 gongar.
Historikk Det er den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) som sender Eurovision Song Contest i Litauen, og som vel det litausike bidraget til tevlinga. I 1994 deltok Litauen i Eurovision Song Contest for fyrste gong, med Ovidijus Vyšniauskas og songen «Lopšinė mylimai». Songen og artisten var valde internt av tv-kanalen, men sidan har alle litauiske bidrag blitt kåra gjennom ein nasjonal finale. Litauen fekk ein verst tenkeleg start då «Lopšinė mylimai» kom heilt sist utan poeng i Dublin i Irland.
Fråvær og retur miniatyr|Donny Montell har delteke to gongar for Litauen i Eurovision Song Contest. Etter sisteplassen heldt landet seg borte frå tevlinga, men returnerte i 1999 med Aistė og songen «Strazdas». Ho framførte bidraget på samogitisk, ei litauisk dialekt. Ho vart berre nummer 20 av 23, og dimed måtte Litauen stå over tevlinga i 2000. Eit middels resultat i 2001 og ein nest sisteplass i 2002 førte til at Litauen måtte stå over tevlinga i 2003.
Frå 2004 deltok Litauen i semifinalar og kom på sisteplass i semifinalen i 2005. Året etter kvalifiserte Litauen seg for fyrste gong med gruppa LT United og «We Are the Winners». Låten kom på ein sjetteplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Litauen i Eurovision Song Contest. Sidan har resultata til Litauen svinga, og Litauen kvalifiserte seg ikkje til finalen i 2008, 2010 og 2014. I 2016 fekk Litauen sin til då nest beste plassering, då Donny Montell sang Litauen inn til ein niandeplass med «I've Been Waiting for This Night». Denne plasseringa vart slegen av The Roop i 2021, som fekk ein åttandeplass med «Discoteque».
Lange nasjonale finalar Med unntak av 1994 har Litauen valt ut sine bidrag gjennom ein nasjonal finale. Frå 2013 til 2019 vart dei litauiske bidraga valde gjennom den nasjonale finalen "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka (Eurovision Song Contest, nasjonal utveljing). Gjennom denne utveljinga vart Litauen etter kvart kjent for sine lange og kronglete uttakingar; i 2015 var det åtte show før vinnaren vart kåra, og i 2016 var det heile ti show. Dette vekte også oppsikt i Noreg, og under norske Melodi Grand Prix 2016 viste NRK direktebilete frå den åttande litauiske delfinalen, som gjekk samstundes som den norske finalen. Sidan 2020 har dei litauiske bidraga verte valde gjennom den nasjonale finalen Pabandom iš naujo! (Vi prøver igjen!).
Bidrag År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1994 Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė Mylimai» Litauisk 0 25 rowspan="7" colspan="2" colspan="6" data-sort-value="zzzzz" 1999 Aistė «Strazdas» Samogitisk 13 20 colspan="5" 2001 SKAMP «You Got Style» Engelsk og litauisk 35 13 2002 Aivaras «Happy You» Engelsk 12 23 colspan="5" 2004 Linas og Simona «What's Happened To Your Love?» Engelsk colspan=2 rowspan=2 26 16 2005 Laura and The Lovers «Little By Little» Engelsk 17 25 2006 LT United «We Are the Winners» Engelsk 162 6 163 5 2007 4Fun «Love or Leave» Engelsk 28 21 colspan=2 2008 Jeronimas Milius «Nomads in the Night» Engelsk colspan=2 30 16 2009 Sasha Son «Love» Engelsk og russisk 23 23 66 9 2010 InCulto «Eastern European Funk» Engelsk colspan=2 44 12 2011 Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 63 19 81 5 2012 Donny Montell «Love Is Blind» Engelsk 70 14 104 3 2013 Andrius Pojavis «Something» Engelsk 22 17 53 9 2014 Vilija Matačiūnaitė «Attention» Engelsk colspan=2 36 11 2015 Monika Linkytė og Vaidas Baumila «This Time» Engelsk 30 18 67 7 2016 Donny Montell «I've Been Waiting For This Night» Engelsk 200 9 222 4 2017 Fusedmarc «Rain of Revolution» Engelsk colspan=2 42 17 2018 Ieva Zasimauskaitė «When We're Old» Engelsk og litauisk 181 12 119 9 2019 Jurij Veklenko «Run with the Lions» Engelsk colspan=2 93 11 The Roop «On Fire» Engelsk colspan="4" 2021 The Roop «Discoteque» Engelsk 220 8 203 4 2022 Monika Liu «Sentimentai» Litauisk 128 14 159 7 2023 Monika Linkytė «Stay» Engelsk og litauisk 127 11 110 4 2024 Silvester Belt «Luktelk» Litauisk 90 14 119 4 2025 Katarsis «Tavo akys» Litauisk 96 16 103 6 2026 «» Litauisk, engelsk og spansk
Røystehistorikk Oversikt over poeng til og frå Litauen i finalar og semifinalar sidan debuten i 1994. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangerte etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåeliee totalscore. Finalane
+ Litauen har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 165 02 142 03 129 04 119 05 113
+ Litauen har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 161 02 131 03 125 04 85 05 81
Semifinalane (1994–2019)
+ Litauen har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 98 02 78 03 72 05 71
+ Litauen har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 115 02 113 03 93 04 89 05 65
Kommentatorar og poengopplesarar År Kommentator Poengopplesar 1970 Sendt i Sovjetunionen rowspan=6 1971–1977 1978 Sendt i opptak i Sovjetunionen 1979–1989 1990 Sendt i Sovjetunionen 1991–1993 1994 1995 rowspan=3 1996 ukjend 1997–1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 og 2018 2019 2021Ramūnas ZilnysAndrius Mamontovas 2022Vaidotas Valiukevičius 2023Monika Liu
Galleri
Sjå òg Litauen i Junior Eurovision Song Contest
Referanser
Denne artikkelen bygger på «Litauen i Eurovision Song Contest» frå , den 18. april 2022.
Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Litauen i Eurovision Song Contest
Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Eurovision Song Contest Kategori:Litauisk musikk