«Girls» er ein song skriven av David Bowie og opphavleg spelt inn av Tina Turner i 1986 på albumet hennar Break Every Rule. Han vart skriven av Bowie og Erdal Kizilcay og produsert av Terry Britten. Phil Collins spelar trommer på innspelinga. Då singelen kom ut nådde han topp 20 i Nederland.

Bowie spelte seinare inn to versjonar av songen sjølv under innspelinga av Never Let Me Down, ein med vokal på engelsk og ein annan med vokal på japansk. Begge versjonane kom ut som B-sider til forskjellige versjonar av singelen «Time Will Crawl» i 1987.

Andre utgåver Ein konsertversjon av Tina Turner vart gjeven ut på albumet Tina Live in Europe i 1988. Ein «extended edit» av Bowie sin engelskspråklege versjon kom ut som bonusspor i 1995 på Virgin Records-utgåva av Never Let Me Down.

Andre sine versjonar Kill the Audience – The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)

Lister Liste (1987) Plasseringscope="row"

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Girls (Tina Turner song)» frå , den 13. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av Erdal Kızılçay