«In Your Wildest Dreams» er ein duett mellom Tina Turner og Barry White frå 1996. Songen vart gjeven ut på albumet Wildest Dreams. Singelen fekk størst suksess i Austerrike, der han nådde andreplassen på singellista. Den originale europeiske utgåva av albumet hadde ein annan versjon med talt vokal frå skodespelaren Antonio Banderas, medan singelversjonen og den amerikanske utgåva av albumet Wildest Dreams var ei nyinnspeling med White. «In Your Wildest Dreams» kom ut på singel i desember 1996 og var den sjuande og siste singelen frå albumet, og han kom ut i mange forskjellige format og versjonar. Promo 12"-singelen inneheld remiksar av mellom andre Deep Dish og Pink Noise. Somme europeiske CD-singlar inneheld òg to konsertopptak frå Wildest Dreams-turneen, «Missing You» og «GoldenEye».
Versjonen av «In Your Wildest Dreams» med Antonio Banderas vart gjeven ut på samleplata All the Best i 2004.
Musikkvideo Den amerikanske musikkvideoen vart skapt av Aardman Animation Studio, og syner leirfigurar av Turner og White i komiske situasjon, i tillegg til Antonio Banderas og Wallace and Gromit.
Versjonar og remiksar Europeisk albumversjon (med Banderas) – 5:34 Banderas Slow Mix – 3:51 Banderas Latin Mix – 3:59 Crossover Mix (med Banderas) – 3:50 Amerikansk albumversjon (med White) – 5:29 Single edit (med White) – 3:59 Alternate single edit (med White) – 3:47 Joe Urban Remix a.k.a. Joe Extended Remix (med White) – 5:25 Joe Remix Edit (med White) – 3:49 Crossover Mix (med White) – 3:50 Pink Noise Club Mix (med White) – 5:30 Pleasant Instrumental (med White) – 5:23 Deep Dish Paradise Mix Edit (med White) – 4:56 Deep Dish Paradise Mix (med White) – 9:51 Deep Dish Stripped Bare Mix (med White) – 9:45 Deep Dish Assassin Mix (med White) – 9:21
Lister
Vekeslister Liste (1996–97) Plasseringscope="row" scope="row" scope="row" Europa (European Hot 100 Singles)24Tyskland (GfK Entertainment) 32scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"
Årslister Liste (1997) PlasseringAusterrike (Ö3 Austerrike Top 40) 36
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In Your Wildest Dreams» frå , den 17. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Barry White-songar Kategori:Duettar Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Songar skrivne av Holly Knight Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar produserte av Trevor Horn Kategori:Songar frå 1996 Kategori:Parlophone-singlar