Didgeridoo (uttalt /ˌdɪdʒəriːˈduː/, også kalla didjeridu, yidaki, yirdaki) er eit tradisjonelt australsk blåseinstrument. Det er laga av eit langt, uthola trerøyr. Ein bles på instrumentet som ein trompet, og bruker munnhola og leppene til å skapa forskjellige klangfargar. Den vanlege speleteknikken inneber bruk av sirkelpust, slik at ein får ein uavbroten tone. I motsetnad til på vanlege messingblåseinstrument, der ein bruker leppene til å skifta mellom tonane i naturtonerekka, speler ein berre pedaltonen på didgeridoo.

Instrumentet blei funne opp av aboriginarar frå nordlege Australia på eit ukjend tidspunkt i løpet av dei siste 1 500 åra. Ordet didgeridoo eller didjeridoo er eit lydmalande ord som har vore i skriftleg bruk sidan 1920-åra. Ordet er ikkje kjend frå dei opphavleg australske språka, der instrumentet hadde ulike namn. Ordet yirdaki blir brukt av yolngu-folket i Arnhem land.

Sjå også Alpehorn Fløyte Panfløyte

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Didgeridoo» frå , og «Didgeridoo» frå den 20. mai 2016.

Bakgrunnsstoff

iDIDJ Australia: Australian Didgeridoo Cultural Hub

Kategori:Naturhorn Kategori:Australsk musikk Kategori:Aboriginarkultur