Abha (arabisk أبها, Abhā) er hovudstaden i provinsen Asir i Saudi-Arabia. Han ligg 2 200 meter over havet i dei frodige fjella sørvest i Saudi-Arabia, nær Asir nasjonalpark. På grunn av det milde klimaet i Abha er staden eit populært turistmål for saudiarabarane.
Historie og arkitektur Abha var hovudstaden for prinsen av Asir, Ibn Ayde, under Det osmanske riket fram til fyrste verdskrigen. I 1918 kom prinsen av Asir, Yahya bin Hasun Al Ayde som var barnebarnet til Ibn Ayed, attende til familietrona som vart erobra i Abha med fullt sjølvstende. I 1920 slo Asir seg saman med Ibn Saud under samlinga av Saudi-Arabia.
Det finst fleire historiske stader i regionen, som fort og festningar. Festningar på toppen av åsar er eit kjenneteiknfor Abha. Sjølve byen er delt inn i fire kvarter der det største inneheld ein festning. Shadda-slottet, som blei bygd i 1927, er no eit museum som huser lokalt handverk og bruksgjenstandar. Andre større bygningar i Abha er den store moskeen i byen, Al-Tahy-restauranten og Abha Palace Hotel.
Samferdsle Det går ein kystveg frå Jidda til Abha, som stod ferdig i i 1979.
Abha regionale lufthamn (arabisk: مطار أبهـــا, IATA: AHB, ICAO: OEAB) er den største flyplassen ved Abha. Det går internasjonale ruter til Jemen (Sana'a), Egypt (Kairo), Doha (Qatar) og Emiratane (Dubai, Sharjah), i tillegg til andre stader i Saudi-Arabia.
Abha lufthamn vart teinkna av nederlendarar og bygginga byrja i 1975 og dei første flygingane byrja i 1977.
Geografi mini|venstre|Abha Abha ligg sør i regionen Asir i ei høgd på 2270 meter over havet. Abha ligg vest i Hijazfjella, nær Jabal Sawda, som av somme vert hevda å vere det høgaste fjellet i Saudi-Arabia.
Klima Klimaet i Abha er kjølig og halvtørt (Köppen: BSk) og er påverka av høgda byen ligg i. Veret i byen er generelt mildt året gjennom, men vert kjøligare om vinteren. Abha har sjeldan temperaturar over 35 °C. Byen får i snitt 278 mm nedbør i året, og det meste kjem mellom februar og april, med ei mindre regntid i juli og august.
Den høgaste temperaturen som er målt er 40 °C den 25. august 1983, medan den lågaste er -2 °C on 29. desember 1983.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Abha» frå , den 21. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Abha Kategori:Busetnader i 'Asir-provinsen Kategori:Provinshovudstader i Saudi-Arabia