Bisha (arabisk بيشة, Bīšah), òg kalla Qal`at Bishah (arabisk قلعة بيشة, Qalʿat Bīšah), er ein by sørvest i provinsen 'Asir i Saudi-Arabia. Det ligg nærare 240 landsbyar og 58 større busetjingar spredd ut på kvar side av Bishadalen (den lengaste dalen på Den arabiske halvøya). Byen ligg sør på Den arabiske halvøya, kring 610 meter over havet.
Bisha-området er eit viktig jordbruksområde på grunn av eit rikt jordsmonn, mykje vatn og palmeplantasjar. Det er kring tre millionar palmetre planta her, av mange forskjellige slag, og frukta frå desse vert selde til byar i nærleiken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bisha» frå , den 22. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i 'Asir-provinsen