miniatyr|Kon-Tiki i Kon-Tiki Museet i Oslo
Kon-Tiki-ekspedisjonen var ein seglas med flåten «Kon-Tiki» under leiing av Thor Heyerdahl i 1947 for å sannkjenne ein del av teorien åt Heyerdahl om folkevandringa i Stillehavet. Flåten blei bygd av balsatre. Ein nytta korkje spiker eller ståltråd for å sette han saman, berre tau av hamp. Bambusrøyr, bananblad og nokre få fureplankar var anna byggjematerialar i flåten.
Seglasen starta frå Callao, hamnebyen ved Lima i Peru den 28. april 1947, og tok slutt på eit korallrev ved Raroia i Polynesia den 7. august etter ein overfart på nesten 8 000 km i løpet av 101 dagar. Heyerdahl hadde nå prova teorien om at balsaflåtar kan flyte og segle frå vestkysten av Sør-Amerika til Polynesia, og at det ikkje er noko hinder for at menneske kan ha reist same ruta i førkolumbisk tid.
Bok og film Boka til Heyerdahl om ekspedisjonen vart utgjeven på engelsk i 1948, og omsett til mange språk. Ho kom ut på norsk same år under namnet Kon-Tiki ekspedisjonen og blei ein bestseljar. I 1951 kom filmen Kon-Tiki, som vann ein Oscar for beste dokumentar. Heyerdahl både regisserte og spela i filmen.
Namnet «Kon-Tiki» mini|KonTiki vaktliste Flåten blei døypt «Kon-Tiki» etter «solkongen» Con-Tiki Viracocha. Etter det Thor Heyerdahl skriv i boka si om ekspedisjonen fortel ei segn at Tiki og folket hans levde ved Titicaca. Ein dag vart dei overfalle og nesten utrydda av ein nabostamme. Berre Kon-Tiki og dei næraste overlevde. Dei tok seg ned til havet, kor dei forsvann over havet mot vest. I følgje Thor Heyerdahl er Kon-Tiki stamfar til folket i Polynesia.
Mannskap Med unntak av den svenske sosiologen Bengt Danielsson var mannskapet om bord Thor Heyerdal sine vener frå Little Norway under krigen. Utanom ekspedisjonsleiaren Heyerdahl var desse med: Erik Hesselberg, som navigatør. Han var ein god målar og hadde teikna den store Kon-Tiki figuren på seglet. Knut Haugland, radioekspert som hadde hatt ei viktig rolle under tungtvatnsaksjonen på Vemork under krigen. Torstein Raaby, også radioekspert, hadde spela ein viktig rolle under krigen ved senkinga av den tyske kryssaren Tirpitz. Herman Watzinger, student ved NTH. Tok fri frå studiane og var ansvarleg for meteorologiske og hydrografiske målingar undervegs. Bengt Danielsson blei hyra på i Peru som stuert, med ansvar for daglege matrasjonar. Han var den einaste av mannskapet som snakka spansk, og blei brukt som tolk.
Kon-Tiki i Kon-Tiki Museet
Sjå òg Ra I (1969) Ra II (1970) Tigris (1977) Kon-Tiki Museet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kon-Tiki-ekspedisjonen» frå , den 2. mars 2006.
Bakgrunnsstoff Kon-Tiki Museet Heyerdahl, Thor: Kon-Tiki ekspedisjonen. Gyldendal (1948)
kategori:Thor Heyerdahl kategori:Stillehavet Kategori:Museumsskip Kategori:Hendingar i 1947