Solveig Sindre () var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Lillehammer og busett i Markane i Stryn kommune. Sindre tok eksamen ved Volda lærarskule 1957, og var lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Ho har arbeidd som lærar i Markane og i Stryn, og vore tilsett ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.
Sindre har gjeve ut «Kontraster – på søk i et ras-skadd hjernelandskap» (Vestlandsforlaget 1992), ei bok som ho skreiv etter å ha vorte råka av hjerneslag. «Levande røter» (Landbruksforlaget 1995) skildrar livet på ein Vestlands-gard, «Elle melle - Barnekår i skjebneår» (Dølaringen Boklag 1997) tek utgangspunkt i minne frå oppvekståra frå 1936 til 1950.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge Bakgrunnsstoff Om Solveig Sindre i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar