Tom Jacobsen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Hamar. Han spelte 16 landslagskampar i tida 1971-82. Pål Jacobsen er bror hans.

Tom Jacobsen spelte på midtbana til Hamarkameratene frå 1971 til 1978. Allereie i sin debutsesong debuterte han på det norske landslaget hausten 1971, og deltok i fire landskampar som 17-åring. Deretter forsvann han ut av landslagsdiskusjonen i fem år. Både i 1977- og 1978-sesongen fekk han fleire kampar med landslagstrøya. Den einaste sigeren han opplevde i landslagsdrakta kom då Noreg vann 2-1 over Sverige i ein VM-kvalifiseringskamp 5. september 1977.

Etter å ha vore med på å spele Hamarkameratene opp i 1. divisjon i 1978, var Jacobsen Vålerenga-spelar dei fire neste åra; 1979-82. Med Oslo-klubben vann han NM-pokal i 1980 og vart seriemeister året etter. Han spelte på Hamarkameratene i 1983-sesongen, men la så bort fotballskoa grunna vedvarande skadeplager.

Merittar Noregsmeister: 1980 med Vålerengen IF Seriemeister: 1981 med Vålerengen IF

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Hamarkameratene Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Hamar