Zuqar (arabisk جزيرة زقر, Jabal Zuqar) er ei øy i Raudehavet som høyrer til Jemen. Ho ligg mellom kysten av Jemen og Eritrea, nær sundet Bab-el-Mandeb som knyter Raudehavet til Adenbukta. Trass i at ho ligg nær Afrika, vert Zuqar rekna til Asia, fordi ho ligg på den asiatiske kontinentalsokkelen.

Det var lenge omstridd kven som skulle ha Zuqar av Jemen og Eritrea, i lag med resten av Hanishøyane. I 1995 førte dette til ein konflikt kalla Hanishøyane-konflikten. Domstolen i Haag avgjorde saka i 1996 og gav dei større øyane, inkludert Zuqar, til Jemen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zuqar Island» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Raudehavet Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Omstridde område i Jemen Kategori:Omstridde område i Eritrea Kategori:Omstridde øyar