Al Mahwit (arabisk المحويت) er hovudstaden i Al Mahwit guvernement i Jemen. Han ligg i ei høgd på kring 2000 moh.

Historie mini|venstre|Al Mahwit Den gamle byen Al-Mahwit ligg kring ei fjellfestning. Fram til 1970-åra var Al Mahwit særs isolert. Byen hadde eit folketal på kring 10 000 tidleg i 1980-åra. Etter den tid vart infrastrukturen utbetra og det vart lagt innlagt vatn, kloakkhandtering og elektrisitet til byen.

Geografi Området er fjelldominert og ligg i Harazfjella og tiltrekkjer seg fjellturistar. Det ligg fleire wadiar kring Al-Mahwit som Wadi Sama'a, Wadi Eyan, Wadi Juma't Saria, Wadi Hawar, Wadi Bour, Wadi Al- Hawdh, Wadi Thabab, Wadi Laa'a, Wadi Al-Ahjer og Wadi Naa'wan. Fleire landsbyar ligg spreidde i området som vart bygd på og rundt klipper.

Økonomi Området er avhengig av jordbruk, hovudsakleg produksjon av kaffi, tobakk, mais, durra og khat.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Mahwit» frå , den 29. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Mahwit Kategori:Distrikt i Jemen