Bayt al-Faqīh eller Beit al-Faqih (arabisk بيت الفـــقية Bayt al-Faqīh, 'huset til juristen') er ein by i Al Hudaydah guvernement i Jemen. Han ligg langs pilegrims- og handelsruta over Tihamah-sletta mellom Al Hudaydah og Ta'izz. Han ligg 50 km sør for Al Hudaydah og 150 km sørvest for den jemenittiske hovudstaden Sana'a, 122 meter over havet. Byen har litt over 40 000 innbyggjarar. mini|venstre|Ein Zaranig-mann. Sjølv om dei fleste innbyggjarane i dag arbeider med veving eller smykkeindustrien, var byen historisk kjend for kaffiproduksjon, som vart eksportert gjennom hamna i Mokka. Fredagsmarknaden (souk) er ein leivning av den ein gong så blømande kaffihandelen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bayt al-Faqih» frå , den 30. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Al Hudaydah guvernement