mini|250px|Ei av dei fyrste Brøyt-maskinane. mini|høgre|250px|Ein litt nyare Brøyt. Legg merke til at han ikkje har drift på hjula. (Foto: Kjetil Lenes) Brøyt var eit varemerke for firmaet Brødrene Søyland A/S, seinare Brøyt A/S.
Firmaet produserte ymse reiskap knytt til jordbruk i fabrikklokala på Bryne på Jæren. Firmaet vart kjend for å ha vore mellom dei fyrste til å produsera hydrauliske gravemaskiner. Fabrikken vart grunnlagt som Bryne Jern og Treindustri i 1949 av brørne Kristian Søyland og Ingebret Søyland. Gravemaskinane vart ofte berre kalla «Brøyt» eller «Brøyten».
På grunn av at dei nytta hydraulikk var Brøyt i ein periode teknisk overlegen mange andre gravemaskiner i same storleiksklasse. Dei fyrste modellane, frå og med X2, flytta seg framover ved å stå på fire hjul og dra seg fram med skuffa over steinar og andre hindringar. Seinare kom modellar med beltedrift som kunne køyra av eiga maskin. Brøyten var framifrå til nydyrking, og konkurrerte ut både stubbrytaren og skjærpeplogen. For mange, særleg på Jæren, vart Brøyten sjølve symbolet på nydyrking og modernitet.
Etter ei framgangsrik tid der dei var marknadsleiar i Skandinavia og der 40 % av produksjonen gjekk til eksport (i 1975 fekk selskapet eksportprisen frå Norges Eksportråd), fekk føretaket økonomisk problem. Dette kom dels av at konkurrentane hadde større produksjon og difor lågare kostnadar enn Brødrene Søyland. Dessutan minka salet då staten på slutten av 1970-talet oppheva ordninga med dyrkingstilskot. I 1981 vart føretaket refinansiert og det svenske gravemaskinprodusenten Åkermans kom inn som viktig eigar og maskinene vart ei tid selde under namnet Brøyt-Åkermans. To år etter kjøpte Åkermans heile føretaket.Högberg, A., Bonnasmedjan & brysselspetsarna, Corina förlag, 2001. Åkermans vart kjøpt opp av VME Group i 1991, som i 1995 vart til Volvo Construction Equipment. Ut på 1980-talet vart gravemaskinproduksjonen på Bryne lagd ned. Brøyt er no eit varemerke eigd av Sandvik Tamrock.
Produkt 4K slept med traktor (1949) 5K slept med traktor (1950) X proto type av X2 (1956) X2 Rundtsvingande maskin på hjul, men utan framdrift (bua tak) X2B Rundtsvingande maskin på hjul, men utan framdrift (flatt tak) X2T beltemaskin X3 (1965) X4 X4T (beltemaskin) X4EL (elektrisk) X20 X20T beltemaskin X20TL (beltemaskin) X21 X21TL(beltemaskin) X21TL II X30 X30T (beltemaskin) X31 hjulmaskin X31TL (beltemaskin) X12M (sjølvgåande hjulmaskin) X40 X41 X41EL elektrisk X42WF X42EL (elektrisk) X43 lagd for 42 er ulykkes tall i Japan da de hadde OL i 1988 X45TB (beltemaskin) X50 X50EL (elektrisk) X52 / X52WF X52TF (beltemaskin) X52EL (elektrisk) X53 D600W D600T D800W D800T D1000W D1000T ED600 (elektrisk beltemaskin ?)
Kjelder
Intervju med Kristian Søyland, Rongaren, des. 2003.
Jøssang, L.G., Industrieventyret på Jæren: 1800-2000, Det norske samlaget, 2004.
Bakgrunnsstoff Gudmestad, R., Brøyt-historia skal sikrast med eigen verkstad, Aftenbladet.no, 15/8-2007. Fra spøkelsesby til næringspark , Jærbladet på nett, 3/10-2007. Brøytrelatert forum med bilete , Bergli Truckstop, 25/3-2007. Brøytbilete, www.Google.com.
Kategori:Jæren Kategori:Skipingar i 1949 Kategori:Tidlegare gravemaskinprodusentar Kategori:Tidlegare norske industriselskap