Ad Dimaniyat-øyane er ei øygruppe og eit verneområde i Oman.
Naturreservatet ligg i wilayatet Al Seeb i Muscat guvernement, kring 18 km utafor kysten av Barka (70 km vest for Muscat, hovudstaden). Øygruppa består av ni øyar med eit samla areal på 100 mål. Reservatet har ein rik natur med mange korallrev, inkludert somme som er ganske sjeldne. Øya har mange havskjelpadder som legg egga sine og ynglar der. Her finst òg mykje trekkfugl og stadeigne fuglar.
Nokre av øyane i gruppa heiter Kharabah, Huyoot, Al Jabal Al Kabeer (Um As Sakan).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ad Dimaniyat Islands» frå , den 3. juni 2016.
Bakgrunnsstoff Maps of Ad Dimaniyat Islands Nature reserves in Oman
Kategori:Verneområde i Oman Kategori:Øyar i Oman