Torbjørn Svendsen () er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger som spelte på Viking Fotballklubb frå 1973 til -86 og vann to seriegull og ein NM-tittel for klubben. Vengspelaren spelte 7 landskampar, alle i 1979.

Svendsen fekk plass i Viking-stallen i 1973, men det tok eit par sesongar før han sikra seg fast plass i fyrsteellevaren til laget. Han vart seriemeister og cupmeister med Stavanger-laget i 1979 og på ny seriemeister i 1982. Gjennom sine 14 sesongar i Viking spelte han i 237 seriekampar.

I løpet av fem månader i 1979, frå mai til september, deltok Svendsen i sju landskampar for Noregs landslag; det gjaldt kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1980, fotball-EM 1980 og ein kamp mot Sverige i den nordiske fotball-meisterskapen. Han kom aldri på skåringslista.

Svendsen arbeidde seinare i sportsredaksjonen i Rogalands Avis.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torbjørn Svendsen» frå , den 3. juni 2016.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Folk frå Stavanger