Khasab (arabisk خصب) er ein by i ein eksklave i Musandam guvernement i Oman ved grensa til Dei sameinte arabiske emirata. Han er den lokale hovudstaden på Musandamhalvøya og har ofte blitt omtalt som «Arabia sitt svar på Noreg» på grunn av fjordliknande bukter mellom dei ville og bratte fjella.Khasab, Oman Air. Henta 4. juni 2016.Musandam is a glimpse of the real Arabia , Travel Weekly. Published September 28, 2006. Henta 4. juni 2016. A Mountain Of Thirst, Outlook. Published February 2, 2004. Henta 4. juni 2016.

Historie mini|venstre|Khasab-borga Portugisarane grunnla Khasab på byrjinga av 1600-talet, då makta deira var på det største i regionen. Den naturlege hamna gav ly under dårleg vêr. I motsetnad til mange fort, som vart bygde høgt for å kunne forsvare ein stad best mogeleg, vart Khasab forma som eit forsyningspunkt for dadlar og vatn for portugisiske skip som segla i området. I dag er Khasab verna frå flaum av tre store dammar.Wells, Rhona. The Noreg of Arabia, The Middle East. Published February 1, 2004. Henta 4. juni 2016.

Klima Khasab har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her er lite nedbør og det meste kjem frå desember til mars.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Khasab» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Musandam guvernement