Christophe Jérôme Dugarry () er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Lormont i Gironde-departmenet som vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike.

Angrepsspelaren Dugarry spelte periodane 1988-96 og 2000-03 på Girondins Bordeaux, ein klubb han vann den franske ligacupen 2002 med. Både i 1996 og 1999 måtte han nøye seg med sølvmedalje i UEFA-cupen, fyrst med Bordeaux og så med Olympique Marseille. Han var elles innom utanlandske klubber som AC Milan og spanske FC Barcelona og engelske Birmingham City, utan nemneverdig suksess. I 2005 la han opp etter eit kortare tilhald i Qatar.

Dugarry deltok i 55 landskampar for Frankrike og skåra åtte mål. Debuten kom 26. mai 1994 mot Australia. To år seinare vart han matchvinnar mot Romania under fotball-EM 1996. Han spelte på Frankrikes lag både i VM-finalen på heimebane i 1998 og i EM-finalen 2000 i Rotterdam. Under VM i fotball 2002 spelte han i Sør-Korea sine aller siste landskampar med eit mannskap som reiste heim frå turneringa utan å ha makta opne skåringskontoen.

Kjelder eu-football Denne artikkelen bygger på «Christophe Dugarry» frå , den 5. juni 2016.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002