Emmanuel Laurent Petit () er ein fransk tidlegare fotballsspelar frå Dieppe som vart verdsmeister 1998 og europameister 2000 med Frankrike.
Aktiv Klubbspel Petit var forsvarspelar i AS Monaco frå 1989 til 1997. Han var med å vinne den franske cupfinalen i 1991 og vart så seriemeister i sin siste sesong med klubben. Sommaren 1997 vart han overført til London-klubben Arsenal FC, som då vart trena av Arsène Wenger, hans tidlegare sjef i Monaco.
I Arsenal vart Petit omskulert til defensiv midtbanespelar, ein posisjon han hadde resten av karrieren. I sin fyrste sesong hos Arsenal var han med på å vinne dobbelt, då laget gjekk til topps i både Premier League og FA-cupen. Etter tre år i Arsenal flytta han til FC Barcelona, der han hadde ein suksessfattig sesong. Allereie sommaren 2001 var han tilbake i London, men då hos byrivalen Chelsea FC. Han vart etter kvart benkeslitar og la opp i 2004.
Landslagsspel Petit deltok i verdsmeisterskapane i fotball 1998 og 2002, og i europameisterskapen 2002. Under verdsmeisterskapen 1998 på heimebane var han ein av dei store profilane på det franske landslaget som tok landets fyrste VM-tittel. Han skåra då sigersmålet i gruppespel-kampen mot Danmark, og i VM-finalen mot Brasil signerte han den siste målet i kampen, 3-0-målet. I tida 1990-2003 aksla Petit den franske landslagdrakta 63 gongar, og skåra seks mål.
Merittar Verdsmeister: 1998 for Frankrike Europameister: 2000 for Frankrike Fransk seriemeister: 1997 med AS Monaco Fransk cupmeister: 1991 med AS Monaco Engelsk ligameister: 1998 med Arsenal FC Vinnar av FA-cup: 1998 med Arsenal FC
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emmanuel Petit» frå , den 7. juni 2016. eu-football
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002