Queen II er det andre studioalbumet til den britiske rockegruppa Queen, gjeve ut den 8. mars 1974. Det vart spelt inn i Trident Studios i London i august 1973 med produsentane Roy Thomas Baker og Robin Cable, og Mike Stone som lydteknikar. Albumet er kjend for ein kombinasjon av heavy metal og kunstrock. Det har blitt kalla «ei søyle av grandios, hardtslåande hardrock» av Rock and Roll Hall of Fame.
Queen II er ikkje eit konseptalbum, men ei samling av songar me eit laust tema som går att gjennom dei. Dei to sidene av den originale plata vart kalla «Side White» og «Side Black» (i staden for side «1» og «2» som vanleg), med samsvarande bilete av bandet kledde i kvitt eller i svart på kvar side av etiketten på plata. Den kvite sida har songar med meir kjenslemessige tema, medan den svarte sida er berre om fantasi, ofte med ganske mørke tema. Fotografiet til Mick Rock på plateomslaget vart ofte nytta om att av bandet i karrieren, mellom anna i musikkvideoane til songane «Bohemian Rhapsody» (1975) og «One Vision» (1985).
Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut og Queen II er framleis eit av dei minst kjende albuma til bandet. Likevel har det ein hard tilhengjarskare og har blitt hylla av musikarar som Axl Rose, Steve Vai og Billy Corgan, og er kjend for å vere det første albumet som inneheld element av signaturlyden til bandet med lag på lag av lyd, vokalharmoniar og variert musikalsk stil.Queen: First Five Albums Reissued – 14. mars Queen Online. Henta 20. mai 2016
Bakgrunn og innspeling
Etter debutalbumet Queen vart spelt inn og miksa mot slutten av november 1972, la Queen ut på turné for å marknadsføre det. Mangement-problem førte til at albumet måtte gjevast ut på det sjølvstendige selskapet til Trident, men først åtte månader etter albumet var ferdig innspelt. I løpet av denne tida skreiv Queen nye songar og ønskte å gå i studio. Fleire nye songar vart skrivne like etter det første albumet, og somme er datert enno tidlegare. «See What A Fool I've Been» var att etter dagane med Smile. «Ogre Battle» vart skriven under innspelinga av debutalbumet, det same var «Father To Son», men bandet valde å vente med å spele inn desse til dei hadde meir fridom i studio.
I august 1973 var bandet attende i Trident Studios, og fekk no lov å booke meir høvelege timar der, no når dei alt hadde eit album under beltet. For det som generelt vert rekna som eit komplekst album (med lagdelt vokal, harmoniar og instrument), vart det spelt inn på særs kort tid - berre ein månad. Ein full versjon av «Seven Seas of Rhye» vart spelt inn, men det var ikkje planlagt at denne skulle bli ein singel frå albumet. Etter at «Keep Yourself Alive», den første singelen deira frå det første albumet, selde dårleg, meinte Queen at dei trong ein singel som ikkje tok så lang tid å kome i gang. Så Queen og Baker sikra seg at «Rhye» byrja på ein måte som greip folk med ein gong. Mercury var lidenskapleg oppteken av mytologi og kunst, og Richard Dadd-måleriet «The Fairy Feller's Master-Stroke» (som i dag heng i Tate Gallery) tende kreativiteten hans.
Rockefotografen Mick Rock fekk jobben med å ta fotografi til plateomslaget. Biletet av Queen som vert nytta på framsida har blitt eit av dei mest ikoniske bileta av bandet, og dei gjekk attende til dette bilete i musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody». Robin Cable, som Mercury hadde arbeidd med under «I Can Hear Music»-innspelinga, vart henta inn for å reprodusere produksjonstilen til Phil Spector på «Funny How Love Is».
Den kvite sida er variert: Fire av dei fem songane var skrivne av Brian May, der ein er instrumental, ein sungen av Freddie Mercury og Roger Taylor (med May på piano), den neste sungen av Mercury, og den siste av May. Den siste songen på den kvite sida er den einaste Taylor-songen på albumet, som han òg syng. John Deacon spelte akustisk gitar på «Father to Son» i tillegg til bassgitar.
Freddie Mercury skreiv alle songane på den svarte sida, og spelte piano og cembalo og song med ein særs variert vokal.
Plateomslag Queen II-omslaget består av eit fotografi teken av Mick Rock og vart av VH1 skildra som «Queen står i ein diamantformasjon, hovuda bøygd bakover som statuane på Påskeøya» mot ein svart bakgrunn.Hamrogue, Sasha; Bottomley, C. «Mick Rock: Shooting Up ». VH1. 22. juli 2004. Henta 8. februar 2010. Bandet hadde hyrt inn Rock fordi dei ønskte å «ta noko av den dekadente 'glam'-kjensla» frå arbeidet hans med artistar som David Bowie, Iggy Pop og Lou Reed. Rock fekk beskjed frå Queen om å lage eit svart- og kvitt tema for Queen II.IOANNIS «Classic Rock Art – Queen II ». IOANNIS – More than meets the I. Dangerous Age Graphics. May 2008. Henta 8. februar 2010. Rock sa at gruppa var på utkikk etter noko som kunne fange merksemda til folk med omslaget, særleg sidan det første albumet hadde mislukkast med dette. «Dei forstod at om du fangar merksemda til folk med augo deira, så kan du få dei interessert i musikken din». Rock skildra det som «ein slags etterlikning av eit gammalt Marlene Dietrich-bilete»,"Mick Rock still behind the lens ». Photo Box. Box Network Ltd. Henta 8. februar 2010. og fotografen var inspirert av eit stillbilete av skodespelarrinna frå filmen Shanghai Express frå 1932. «Og sjølvsagt, ingen var nokon gong meir 'glam' enn den guddommelege Ms Dietrich», sa Rock.
Sjølv om bandet nesten avviste fotografiet, fordi dei synest det var for pretensiøst, klarte Rock å overtyde dei om nytte biletet. «Det fekk dei til å sjå ut som mykje større stjerner enn dei var på den tida, men det var ein sann refleksjon av musikken deira». Biletet vart nytta om att i musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» i 1975 og «One Vision» (1985).
Utgjeving og mottaking
Då albumet var ferdig mot slutten av august 1973, la Queen «Ogre Battle», «Procession» og «Father to Son» til konsertane sine og turnerte mykje. Nok ein gong forseinka Trident utgjevinga av albumet, sidan det første albumet til Queen nettopp hadde kome ut i Storbritannia, og ikkje ein gong kome ut i USA enno. Fleire andre problem oppstod kring utgjevinga av albumet. Albumet var ferdig samstundes med oljekrisa i 1973, og dei statlege energibevaringstiltaka gjorde at albumet ikkje kunne trykkast på fleire månader.
Queen II fekk blanda mottaking då det kom ut. Disc skreiv «Materialet, framføringa, innspelinga og til og med omslaget har særs høg standard.» NME meinte at plata synte «all krafta og drivet deira, låtskrivartalenta deira, og kvar kvalitet som gjer dei unike,» medan Sounds skreiv, «Berre kalla Queen II, fangar dette albumet dei i den finaste stunda deira.» Rolling Stone gav albumet to og ei halv stjerne av fem. Magasinet var lite entusiastiske overfor den svarte sida, men applauderte den kvite sida, og skreiv at han inneheld «forsonande trekk av presise og velvalde power-akkordar og nokre ganske så fine melodiar.»
Melody Maker hadde få lovord om albumet, og skriv «Ein meiner at Queen har hatt noko suksess i Statane, og dei er for tida på vippepunktet om dei verkeleg vil slå gjennom her eller ikkje. Om dei slår gjennom så skal eg ete hatten min eller noko slikt. Kanskje Queen prøver for hardt. Lyden manglar djupne og kjensle.» Record Mirror var heller ikkje nøgd og skriv «Dette er det, den siste resten av glamrock. Svakt og overprodusert. Om dette bandet er det største håpet vårt for framtida, så begår me rock and roll-sjølvmord.» Robert Christgau håna albumet i magasinet Creem og kalla det «wimpoid royaloid heavyoid android void.»
Queen II kom ut i Storbritannia den 8. mars 1974. Albumet gjekk inn på den britiske albumlista og nådde ein femteplass. Det nådde 49. plassen i USA, ein god del høgare enn debutalbumet Queen, som stoppa på 83. plassen. Den einaste singelen frå Queen II, «Seven Seas of Rhye» (gjeve ut i februar 1974) nådde 10. plassen på UK Singles Chart, og gav bandet den første hitten deira.
Ettermæle Då 1974 nærma seg slutten, hadde publikum teke i mot Queen II på entusiastisk vis. Albumet vart rangert av Disc som det femte beste det året.Disc, end-of-year list, desember 1974 Sjølv om albumet er av dei mindre kjende verka til bandet, har det fått ein tilhengjarskare og i nyar eår blitt sitert i mange musikkpublikuasjonar, andre artistar og fans som eit av dei beste verka til Queen. I 1987 rangerte Post-Tribune Queen II på niandeplassen i ein artikkel som omhandla «album som burde vere i alle sine platesamlingar, men som ikkje er det.»"Closet classics: Albums tuned out by the public». Post-Tribune. 3. juli 1987. Henta 28. august 2010. Excerpt at HighBeam Research (registration required for complete article). I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums vart Queen II rangert på 202. plassen over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene.Guinness: All-time top 1000 albums. 1994. Archived at rocklistmusic.co.uk I 2003 hadde magasinet Q Queen II på ei liste over femti lite kjende album som var tilrådd av magasinet i samband med rundspørjinga for å finne dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene.Q, «The 50 Best British Albums Ever», July 2003 (list archived at www.muzieklijstjes.nl) I 2005 rangerte lesarane til Kerrang! Queen II som det 72. beste britiske rockealbumet gjennom tidene.The 100 Best British Rock Albums Ever!. Kerrang!. 19 Feb 2005. Archived at rocklistmusic.co.uk I 2006 var albumet nemnt i Classic Rock og Metal Hammer si liste over dei 200 beste albuma frå 1970-åra og i lag med Sheer Heart Attack nemnt som eit av dei 20 beste albuma frå 1974.Classic Rock/Metal Hammer, «The 200 Greatest Albums of the 70s», March 2006 I 2008 kåra IGN Music Queen II som eit av ti klassiske glamrockalbum og skriv «Queen gav glam ein større, meir anthemisk lyd med dette glitrande opuset. Kombinasjonen av det undervurderte klaverarbeidet til Freddie Mercury, dei ringande soloane og primitive riffa til Brian May skapar eit bakteppe for songar som i tur og orden var rasande og elegant.»Hall, Russell. «10 Classic Glam Rock Albums ». IGN. 20. september 2008. Henta den 20. mai 2016. I 2010 rangerte Mojo Queen II som det 60. beste albumet gjennom tidene frå Elektra Records.The 60 Greatest Elektra Albums. Mojo. November 2010. Archived at rocklistmusic.co.uk I lag med Queen-albuma Sheer Heart Attack og A Night at the Opera var Queen II med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, der det er skildra som «eit distinkt, mørkt album»som «syner mangfaldet deira,» og står i kontrast til dei seinare «ekspansive, stadiovennlege songane.»1001 Albums You Must Hear Before You Die
AllMusic gav plata 4/5 stjerner og sa, «Queen er samanrulla, spent og vond her, og leverer si naturlege kjensle for drama og det gjev Queen II verkeleg kraft som musikk, i tillegg til ein verkeleg samhøyr». Meldinga nemnte den tunge musikken og sa «dette kjennest aldri så fantasi-aktig som Genesis eller Uriah Heep», og konkluderte med at «Queen II er ein favoritt hos den harde tilhengjarskaren». Pitchfork gav albumet 7.8/10, og skreiv, «Svimlande, overfylt, og urokkeleg, Queen II er ein favoritt hos dei største tilhengjarane, og er utan tvil den mest undervurderte plata deira.» I 2009, publiserte The Quietus ein artikkel som trakk fram Queen sin «mindre kjende stordom» i samband med utgjevinga av Absolute Greatest, og skildra Queen II som «ei absolutt brennheit plate» med to av dei beste songane til bandet: «Ogre Battle» og «Father to Son».