Gemma eller Alfa Coronae Borealis (α CrB, α Coronae Borealis, Alphecca) er ei dobbeltstjerne i stjernebiletet Den nordlege krona. Ho ligg kring 75 lysår frå solsystemet.

Eigenskapar Hovudkomponenten er ei kvit stjerne i hovudserien med spektralklasse A0V og 2,6 gonger massen til sola. Estimat av radiusen til stjerna varierer frå 2,89 til 3,04 gonger radiusen til sola. IRAS har målt eit infraraud eksess i 24 μm og 70 μm kring primærstjerna. Dette indikerer at det ei stor skive med støv og materiale kring Gemma, og ein har spekulert i om dette kan vere eit planet- eller protoplanet-system, som liknar der ein finn kring Vega.

Sekundærkomponenten er ei gul hovudseriestjerne med ein estimert storleiksklasse G5, 0,92 gonger massen til sola og 0.90 gonger solradiusen. Røntgenstråling frå stjerna er , som er 30 gonger høgare enn den kraftigaste strålinga frå sola. Dette høgare aktivitetsnivået er venta av ei ung stjerne i denne klassen. Koronaen har ein temperatur på kring 5 MK, som er mykje varmare enn koronaen til sola. Den øvre grensa på 14 km/s for den ekvatoriale rotasjonssnøggleiken, som svarar til ein rotasjonsperiode på tre dagar. Truleg er rotasjonsperioden storts ett kring 7,9 dagar.

Stjernene krinsar rundt kvarandre i ein eksentrisk bane kvar 17,36 dagar. Fordi planet til banen har ein vinkel på 88,2° i forhold til synslinja frå jorda, dannar paret ei formørkande dobbeltstjerne liknande Algol (β Per). Den periodiske formørkinga fører til ein variasjon i storleiksklasse på +2,21 til +2,32, som nesten ikkje er merkbart for det nakne auga.

Namn Stjerna har dei tradisjonelle namna Alphekka, Gemma, Gnosia (Gnosia Stella Coronae) og Asteroth (Ashtaroth).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alpha Coronae Borealis» frå , den 12. juni 2016.

Kategori:Den sørlege krona Coronae Borealis, Alfa Coronae Borealis, 05 139006 076267 5793 Kategori:Formørkande dobbeltstjerner Kategori:Hovudseriestjerner klasse G Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda