Akherítou (gresk Αχερίτου, tyrkisk Güvercinlik) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene, og dei gresk-kypriotiske innbyggjarane flykta sørover. Dei budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby, Ájos Jeórjos tou Akherítou (gresk Άγιος Γεώργιος του Αχερίτου) eller Vrysoúlles (gresk Βρυσούλλες) berre eit par kilometer frå den gamle landsbyen.PRIO: Rapport om internt fordrivne på Kypros Den opphavlege landsbyen er administrert som ein del av kommunen Beyarmudu (Pérgamos) i distriktet Gazimağusa i Nord-Kypros.
Ved folketeljinga i 2021 hadde den nye busetnaden 1 901 innbyggjarar, mot 1 556 innbyggjarar i 2011. Den opphavlege busetnaden hadde 911 innbyggjarar i 2011.
Referansar
Akheritou Akheritou