Henrietta Swan Leavitt () var ein USA-amerikansk astronom. Ho er mellom anna kjend for periode-lysstyrkerelasjonen til kefeide-stjerner.
Karriere Leavitt arbeidde ved Harvardobservatoriet, der ho leia avdelinga for fotometri. Ho blei opphavleg tilsett som reknar, eller «computer», i 1893. Her fekk ho i oppgåve å undersøka fotografiske glasplater og måla og katalogisera lysstyrken til stjernene.
Funn Leavitt studerte mellom anna variable stjerner i dei magellanske skyene. Ho identifiserte 1 777 variable stjerner, og publiserte resultata i ein artikkel i 1908 med følgjande merknad; dess lysare stjerne, dess lengre lysperiode.
I 1912 oppdaga ho periode-lysstyrkerelasjonen for kefeidar. Leavitt fekk lite anerkjenning i si levetid, men oppdaginga hennar gjorde at astronomar først kunne måla avstanden mellom jorda og fjerne galaksar. Etter at ho døydde brukte Edwin Hubble periode-lysstyrkerelasjonen til kefeidane saman med raudforskuving til å avgjera at universet ekspanderer (sjå Hubbles lov).
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Henrietta Swan Leavitt» frå , den 8. november 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Kvinnelege astronomar Kategori:Tilsette ved Harvard University Kategori:Døve folk Kategori:Elevar ved Radcliffe College Kategori:Folk frå Lancaster i Massachusetts Kategori:Døde av kreft