mini|Stemmegaffeldiagram for Hubbel-klassifikasjonen. Hubble-klassifikasjonen er eit enkelt klassifikasjonsskjema for galaksar, ofte kalla Hubbles stemmegaffeldiagram. Klassifikasjonen vart innført av Edwin Hubble i 1925 og er enno i alminneleg bruk, sjølv om meir detaljerte skjema er utforma seinare. Galaksane vert inndelt i fire hovudtypar: elliptiske galaksar (E), normale spiralar (S), stavspiralar (SB) og irregulære galaksar (I). Kvar hovudtype er delt i undertypar, hovudsakleg etter forma, og ordna i ein serie.
Kjelder
Kategori:Klassifiseringssystem Kategori:Ekstragalaktisk astronomi Kategori:Galaksar