mini|Sjklovskij (venstre) med Ja. B. Zeldovitsj, 1977. Iosif Samuilovitsj Sjklovskij () var ein sovjetisk astrofysikar.
Han var professor ved universitetet i Moskva frå 1938. Han var ein av dei leiande astrofysikarane på 1900-talet med eit særs breitt arbeidsfelt, som ionosfæren til jorda, koronaen til sola, supernovaer og kvasarar. Fleire av bøkene hans er omsett til engelsk som Cosmic Radio Waves (1960), Supernovae (1968), Stars, Their Birth, Life and Death (1978) og saman med Carl Sagan Intelligent Life in the Universe (siste utgåve 1978).
Kjelder
Kategori:Folk frå Hlukhiv Kategori:Elevar ved Universitetet i Moskva Kategori:Tilsette ved Universitetet i Moskva Kategori:Sovjetiske astronomar Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Jødiske vitskapsfolk Kategori:Radioastronomar Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet