Ottar Grepstad () er ein norsk forfattar og frå 1999 til 2018 direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker om ulike emne. I 1998 vikarierte han i ein periode som dagleg leiar i Noregs Mållag. Han var leiar for Unge Venstre 1975–1976. Frå 1980 til 1994 var han tilsett i Det Norske Samlaget, og var mellom anna redaktør for Syn og Segn frå 1984 til 1988. Ottar Grepstad var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009 og er styreleiar i Språkrådet (styremedlem 2006–2010).
Han vart slått til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen i 2018.
I 2025 fekk han Målprisen av Noregs Mållag.
Utgjevingar
Vær utålmodig, menneske. Ei visebok som er no mer [redaktør] 1978 Essayet i Norge : fjorten riss av ein tradisjon 1982 Høvesdikting i EF-striden 1970-72 1983 Venstres hundre år [redaktør] (med Jostein Nerbøvik) 1984
Balladen om Europa 1985 Nynorsk faktabok 1998. 1998 Retorikk på norsk 1988
Det litterære skattkammer : sakprosaens teori og retorikk 1997 Stem i! Songbok for røysteføre [medredaktør] 1994 (supprimert) Lesebok 1994 [medredaktør] 1994 Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (med Kirsti M. Thorheim) 1995
Norske tekster. Sakprosa / [redaktør] 1999 Den Store nynorske sitatboka : norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat / [redaktør] 2000
Det nynorske blikket 2002
Fotefar mot nord (med Kirsti Mathilde Thorheim og Guri Dahl) 2003 Jakob Sandes kulturelle skòrfeste 2003
Nynorsk innhald på internett : grunnlag for handlingsplan 2005-2013 (med Eirik Helleve og Kirsti Langstøyl) 2004 På parti med språket? : språkpolitikk i partiprogramma 1906-2005 2004 Nynorsk i opplæringa : kunnskap, kultur og kvalitet : synspunkt til politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet 2004
Nynorsk faktabok 2005 Eit liv med kaffistover og bondeheimar : i samtalar med Nils Seland og Ottar Grepstad (med Kåre Kolås og Nils Seland) 2005 Nynorsk faktabok 2005. 2005 Vestlandets historie. Bd. 1-3. (Redaktørar Knut Helle, Ottar Grepstad, Arnvid Lillehammer, Anna Elisa Tryti) 2006 Viljen til språk : ei nynorsk kulturhistorie 2006 Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. 2010 Draumen om målet. 2012 Historia om Ivar Aasen. 2013 Språksansen. 2013 Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Målfolk Kategori:Norske redaktørar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Leiarar i Unge Venstre Kategori:St. Olavs Orden